Publisert 11. februar 2022 | Oppdatert 11. februar 2022
Delen uføretrygda av befolkninga var på 10,5 prosent per desember 2021. Det var ein auke på 0,1 prosentpoeng på eitt år. Prosentdelen var stabil på 10,5 prosent gjennom heile 2021.
Talet på personar som får uføretrygd per desember 2021 var 360 900. Det var ein auke på 3 400 mottakarar samanlikna med same tidspunkt i 2020. Samanlikna med førre kvartal auka talet med 950 personar.
I løpet av 2021 kom det om lag 28 100 nye uføremottakarar. Det er ein nedgang i forhold til dei førre åra. Samstundes var òg avgangen høgare i 2021 enn dei førre åra, slik at i alt var det ein lågare vekst i talet på uføretrygda i 2021 enn i åra før.
– Dei fleste nye uføretrygda har ei fortid som mottakarar av arbeidsavklaringspengar (AAP). Det siste året observerer me færre som går frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd. Dette kjem av at avklaringar av AAP-mottakarar har blitt forsinka som følgje av pandemien og den vanskelege arbeidsmarknaden, samt mellombelse regelendringar der mange har fått forlenga maksimal tid på AAP. Me antar at dette er ein mellombels effekt og forventar auke i overgangen frå AAP til uføretrygd dei to neste åra, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
Færre kjem frå AAP
Historisk ligg prosentdelen som kjem frå AAP på nær 80 prosent av dei nye mottakarane. I løpet av 2021 var denne delen på 74 prosent. Til samanlikning var denne delen i 2020 på 74 prosent, 2019 på 78 prosent og i 2018 på 80 prosent. Både i 2020 og i 2021 har folk blitt gåande lenger på AAP som følgje av mellombelse regelendringar under koronapandemien.
– I 2022 vil fleire nå maksimal tid på AAP, samt at me trur det vil vere betre føresetnader for å avklare mottakarar for arbeid eller uføretrygd. Dette trur me vil gje auka overgang frå AAP til uføretrygd, seier Holte.
Ny prognose tilseier auke dei neste to åra
Nav har utarbeidd ein ny prognose over forventa utvikling i talet på personar med uføretrygd i 2022 og 2023. Nav ventar 370 600 mottakarar i desember 2022 og 381 700 mottakarar ved utgangen av 2023. Dei nye anslaga inneber ein auke på 2,7 prosent i 2022 og 3 prosent i 2023. Me ventar ein relativt høg overgang frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd i åra som kjem. Me reknar med at 10,8 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år får uføretrygd ved utgangen av 2022, medan 11,1 prosent får uføretrygd ved utgangen av 2023. Sistnemnde vil i så fall vere eit historisk høgt nivå.
For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå Nav på telefon 400 03 144.