Publisert 12. september 2023
I fyrste halvår 2023 tok 35 500 personar ut alderspensjon for fyrste gong. Talet er det høgste på åtte år, og Nav forventar ein vidare auke i åra som kjem.
Talet på nye alderspensjonistar er høgre enn på fleire år. I fyrste halvår i 2023 tok 35 500 personar ut alderspensjon for fyrste gong. Talet er det høgste sidan våren 2015. Då blei det 37 600 nye alderspensjonistar i løpet av eit halvt år. I same periode i 2022 starta 33 200 med alderspensjon. Frå 2022 til 2023 har talet auka med 6,8 prosent.
Hovudårsaka er at det vert stadig fleire eldre i aldersgruppa 62–67 år. Det er alderen då dei fleste byrjar uttak av alderspensjon.
– I tillegg trur vi at den høge prisveksten kan ha ført til at fleire enn normalt har valt å starte uttak av alderspensjon i år, blant dei som framleis er i arbeid, seier avdelingsdirektør i Nav, Ole Christian Lien.
Han fortel at det er venta at talet alderspensjonistar vil halde fram med å stige i høgt tempo også i åra som kjem.
– Det skuldast fleire eldre, og at regelendringar frå 2025 gjer det mogleg for dei som tek ut AFP i offentleg sektor samstundes å starte uttak av alderspensjon.
Ved slutten av juni 2023 var det 1 029 300 personar som mottek alderspensjon. Det er 19 600 fleire alderspensjonistar enn i juni 2022. Frå 2022 til 2023 har talet auka med 1,9 prosent.
Til tross for kraftig auke i talet på alderspensjonistar, jobbar folk lenger enn før. Gjennomsnittleg avgangsalder frå arbeidslivet var 66,0 år i fyrste halvår 2023, opp 0,2 år frå same periode i 2022. Det siste tiåret har det vore ein svak auke i avgangsalder, frå 65,7 år i 2013.
– Nesten alle er omfatta av dei nye reglane
Personar fødde i 1954-1962 får ein del av pensjonen etter nye reglar for opptening av pensjon, medan komande alderspensjonistar, fødde i 1963 eller seinare, får heile alderspensjonen etter desse reglane.
– No er nesten alle som startar uttak omfatta av dei nye reglane, seier Lien, og fortel at det gjeld heile 97 prosent av nye alderspensjonistar i fyrste halvår 2023.
Den største fordelen med dei nye reglane er at alle år i arbeid verkar inn på pensjonen.
Desse nye alderspensjonistane får ein del av alderspensjonen utrekna etter nye reglar og ein del etter eldre reglar. Storleiken på dei to delane er ulik for årskulla 1954-1962, og dei yngre kulla får aukande del med nye reglar.
1954-kullet får ein tidel med nye reglar, medan 1955-kullet får to tidelar med nye reglar. Dette aukar fram til 1962-kullet, som får ni tidelar med nye reglar.
Sjå dei nye tala for alderspensjon
For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå Nav på e-post presse@nav.no eller telefon 400 03 144.