Slik gjer du det
Din pensjon
Logg inn på Din pensjon for å sjå kva du kan få i pensjon frå folketrygda.
Innhald på sida
Du kan
- prøve pensjonskalkulatoren. Du kan rekne ut alderspensjon og AFP, sjå tenestepensjon frå nokre leverandørar og leggje til individuelle spareavtalar.
- sjå kva det vil seie om du tek ut pensjon heilt eller delvis på ulike tidspunkt
- overføre omsorgsopptening
- sjå pensjonsoppteninga di
- gi fullmakt til andre
- søkje om alderspensjon og AFP i privat sektor
- sjå status på søknaden din
Du kan
- lese brev og dokument, og sjå detaljar for utrekning av pensjonen du har fått
- sjå utbetalingar
- endre graden på alderspensjon
- registrere at du har sambuar eller flyttar frå sambuar
- gi fullmakt slik at andre kan lese informasjon, berekne pensjonen din og endre visse opplysningar for deg
- leggje inn ekstra skattetrekk på pensjonsutbetalinga
Aktuell informasjon
Meir informasjon til deg som
Du bør søkje om alderspensjon frå folketrygda fire månader før det tidspunktet du ønskjer at utbetalinga skal starte.
Sjå meir om korleis du søkjer og kva du bør ha klart før du søkjer.
Du kan logge inn med BankID, Buypass eller Commfides. Du kan også logge inn med MinID, men det gir deg avgrensa tilgang til Din pensjon. Du må ha fylt 18 år for å bruke Din pensjon.
På difi.no finn du informasjon om korleis du får elektronisk ID.
Du får best oversikt om du loggar inn på Din pensjon. Om det ikkje er mogleg for deg, kan du bruke ein uinnlogga pensjonskalkulator. Der må du sjølv fylle inn data. Denne tenesta gjeld berre ei forenkla berekning av alderspensjon og AFP i privat sektor, ikkje dei andre tenestene du finn under Din pensjon.
Oppdatert 19.12.2024
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Ring oss på 55 55 33 34
Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Sjå fleire telefonnummer og tasteval.Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 3 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.