Slik gjer du det
Erklære farskap
Om reglar for å erklære farskap.
I dette kapittelet
Det er mora og faren til barnet som kan erklære farskapet. Først må mora oppgje kven som er far, og så kan faren erklære farskapet.
Dersom ein far er under 18 år, må også forelder med foreldreansvar skrive under på erklæringa.
Når foreldra er gift ved fødselen, vert mannen automatisk rekna som faren til barnet. Her trengs det ikkje erklæring.
Når foreldra ikkje er gift, må farskapet fastsettast anten ved erklæring eller dom.
Eit farskap gir rettar både til barnet og faren. Og, i tillegg nokre plikter for deg som far.
Foreldreansvar er den retten og plikta foreldre har til å bestemme over barnet i personlege forhold. Foreldra skal utøve foreldreansvaret ut frå barnets behov og interesser. Den eller dei som har foreldreansvar, er også verjer for barnet.
For barn som vert født etter 1. januar 2020 får mor og far felles foreldreansvar. Dette gjeld barn som har
- gifte foreldre
- sambuande foreldre
- foreldre som ikkje bur saman
Dersom mor ønsker å ha foreldreansvaret åleine må ho melde frå til Folkeregisteret om det innan eitt år frå den dagen farskapet er fastsett. Om far er ueinig i dette, og ønsker foreldreansvar, må han sjølv ta saka til domstolen.
Dersom far ikkje ønsker å ha foreldreansvar må han melde frå til Folkeregisteret om det innan eitt år frå den dagen farskapet er fastsett.
Foreldre med foreldreansvar kan velje namn til barnet. Dei må sende melding om namnet til Folkeregisteret (skatteetaten.no).
Dersom foreldra ikkje gir melding om etternamn innan 6 månadar etter at barnet er født, får barnet automatisk etternamnet til mora.
Når farskapet er gyldig fastsett, har barnet arverett etter far.
Barn har rett til samvær med begge foreldra når dei ikkje bur saman. Foreldra har eit gjensidig ansvar for at samværsretten til barnet blir oppfylt.
Dersom foreldra ikkje blir einige, kan dei ta saka inn for retten.
Barn har rett til å bli forsørga av begge foreldra, også når foreldra ikkje bur saman. Retten gjeld til og med den månaden barnet fyller 18 år. Etter fylte 18 år kan barnet ha rett til å bli forsørga gjennom vidaregåande opplæring.
- Forelderen som ikkje bur fast saman med barnet, skal vere med å forsørge barnet ved å betale barnebidrag.
- Barnebidrag er i utgangspunktet ein privat sak, og det er opp til foreldra å bestemme beløp og anna innhald i avtalen. Dersom foreldra ikkje vert einige, kan det søkast om at Nav fastsett barnebidraget.
- I tilfelle der foreldra ikkje bur saman når barnet blir født, og det ikkje er gjort avtale om barnebidrag, skal Nav fastsette bidraget av eige initiativ.
Sjå korleis du går fram i ulike situasjonar:
Farskap som er fastsett i utlandet, kan bli godkjent og registrert i Norge. Dette vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Dersom farskapet vert godkjent i Norge, får far dei same rettane og pliktene som når farskapet har blitt fastsett i Norge.
Dersom barnet ditt er født i utlandet, og du ønsker å fastsette farskapet i Norge, kan du kontakte Nav for rettleiing og informasjon. Dette gjeld berre når farskapet ikkje allereie er fastsett i utlandet.
Du kan ta kontakt enten via «Skriv til oss», eller ved å ringe 55 55 33 33. Du må opplyse om namn, fødselsdato og opphaldsland for både barnet og barnets mor.
Mor må oppgje deg som far
Før du kan erklære farskapet, må mora til barnet oppgje deg som faren til barnet.
Dersom mor og barn bur og oppheld seg i utlandet, må mor personleg møte opp på ein norsk utanriksstasjon. Der må ho skriftleg oppgje deg som far til barnet.
Mor må på førehand avtale eit møte med utanriksstasjonen. Her kan de òg søke om pass og fødselsnummer for barnet. Utanriksstasjonen vil gi meir informasjon når mor tek kontakt for å avtale møte.
Dokumentasjon som mor må ta med til møtet:
- Gyldig legitimasjon for mor, anten pass eller nasjonalt ID-kort.
- Original fødselsattest for barnet som er legalisert, og omsett til engelsk eller norsk.
- Original dokumentasjon om sivilstatusen til mor då barnet blei født. Denne må vere omsett til engelsk eller norsk.
Når vi har fått kopi av dokumentasjonen, samt dokumentet der mor oppgjer deg som far, vil vi vurdere saka og gi deg vidare beskjed. Du vil enten bli bedt om å gi ei DNA-prøve, eller få moglegheit til å erklære farskapet.
Når barnet er født i utlandet, men mor og barn bur i Norge, kan mor møte på Nav-kontoret for å oppgje kven som er far til barnet. Her må mor levere
- kopi av barnets fødselsattest, som er legalisert, og omsett til engelsk eller norsk.
- dokumentasjon på eigen sivilstatus på fødselstidspunktet til barnet.
I etterkant av møtet vil mor få informasjon om kva som skjer vidare. Vi kontaktar også far dersom og når han kan erklære farskapet.
Ettersom avtalar om surrogati ikkje er tillate etter norsk lov, kan ikkje slike avtalar leggast til grunn for farskap eller morskap i Norge.
Etter norsk lov reknast den som har født barnet, altså surrogatmor, som barnets mor. Morskap kan berre overførast ved adopsjon.
Farskapet kan likevel fastsettast etter norske regler dersom den som vert oppgjeve som far er busett i Norge. Korleis du gjer det kjem an på om surrogatmora er gift, eller ikkje.
Slik gjer du det:
Når barnets surrogatmor er ugift, kan du erklære farskapet på ein norsk utanriksstasjon. Surrogatmoren må deretter godta erklæringa.
Personleg oppmøte
Både erklæring om farskap og godkjenning av erklæringa krev personleg oppmøte. Norske utanriksstasjonar kan hjelpe i prosessen med utfylling av skjema. Ta kontakt med ein norsk utanriksstasjon i god tid før barnets fødsel for å gjere avtale med utanriksstasjonen.
Utanriksstasjonen vil sende utfylte skjema til enten Nav eller Skatteetaten, som vil vurdere saka.
Dersom barn og far oppheld seg i Norge
Dersom barnet allereie har kome til Norge og far til barnet oppheld seg her, kan erklæring om farskap og DNA-prøver gjerast i Norge. Ta kontakt med Nav for meir informasjon.
Surrogatmor må likevel møte personleg ved norsk utanriksstasjon for å godkjenne erklæringa. Nav vil oversende erklæring om farskap til utanriksstasjonen for signering.
Dersom surrogatmora til barnet er gift, vil ektefellen hennar vere barnets far etter norsk lov. I slike situasjonar må farskapet endrast til deg som far til barnet. Du må vere busett i Norge, og erklære farskapet til barnet. Surrogatmora og ektefellen hennar må deretter godta erklæringa. I tillegg må du og barnet ta prøver for DNA-analyse.
Personleg oppmøte
Både erklæring om farskap, godkjenning av erklæringa og DNA-prøve krev personleg oppmøte. Norske utanriksstasjonar kan hjelpe i prosessen med utfylling av skjema og prøvetaking for DNA. Ta kontakt med ein norsk utanriksstasjon i god tid før barnets fødsel for å gjere avtale med utanriksstasjonen.
Utanriksstasjonen vil sende utfylte skjema til Nav. Oslo Universitetssykehus vil sende resultatet av DNA-analysen til oss. Nav vil då vurdere saka, og kan endre farskapet ved vedtak.
Dersom barn og far oppheld seg i Norge
Dersom barn og far har kome til Norge, kan erklæring om farskap og DNA-prøver gjerast i Norge. Ta kontakt med Nav for meir informasjon.
Surrogatmora og hennar ektefelle må uansett møte personleg ved norsk utanriksstasjon for å signere erklæring om farskapet. Nav vil oversende erklæring om farskap til utanriksstasjonen for signering.
Dersom det oppstår tvil om eit farskap kan barnet, mor, far eller ein tredjemann som meiner han er far til barnet reise sak for domstolen for å endre farskapet. Er farskapet tidlegare fastsett ved dom utan DNA-analyse, kan man krevje at saka vert gjenoppteke.
Eit farskap kan også endrast av Nav dersom ein mann erklærer seg som far til barnet, og barnets mor og den opphavlege faren godkjenner erklæringa. Er barnet over 18 år må barnet sjølv også samtykke til endringa. I dette tilfellet vert det kravd DNA-analyse som viser at den andre mannen er barnets far.
Dersom du har betalt barnebidrag til eit barn, og seinare vert friteken for farskapet til barnet, kan du krevje summen betalt tilbake frå folketrygda. Du kan ikkje krevje tilbakebetaling frå barnet, mora til barnet eller den biologiske faren til barnet.
Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå bidraget ble betalt, og til det blir betalt tilbake.
I tillegg kan tidlegare skattefrådrag, samværsfrådrag og mottatt barnetillegg i andre ytingar ha betydning for størrelsen av beløpet du får tilbakebetalt.
Beløpet du får tilbakebetalt kan bli lågare eller settast til kr. 0,- dersom du ikkje hadde rimeleg grunn til å erklære farskapet. Eller, dersom du burde ha reist sak om endring av farskap tidlegare. Eit eksempel på at du ikkje hadde rimeleg grunn til å erklære farskap er om du visste at du ikkje var far til barnet, men likevel valde å erklære farskapet.
Søknad om tilbakebetaling av barnebidrag har ikkje eit eige søknadsskjema. Du kan søke enten ved å sende ei melding via "Skriv til oss", eller eit brev til:
Nav Familie- og pensjonsytelser Bergen
Postboks 6244 bedriftssenter
5893 Bergen.
Før du søker må du vere frikjent frå farskapet ved dom, eller ved vedtak om endring av farskapet.
I søknaden må du opplyse:
- Kva barn det gjeld
- Frå når du er frikjent for farskapet, eller når det vart endra
- Kva periode du krev tilbakebetalt for
- Om bidraget er betalt privat, eller gjennom det offentlege
- Når, og kva som fekk deg til å mistenke at du ikkje er far til barnet
Du må legge ved:
- Kopi av dom eller vedtak om frikjenning av farskapet.
- Dokumentasjon på at du har betalt bidrag, for eksempel gjennom kontoutskrifter.
Dersom du har betalt barnebidrag gjennom det offentlege, kan vi hjelpe deg med å skaffe dokumentasjon på det du har betalt.
Sjå korleis du går fram i ulike situasjonar:
Dersom du er i tvil om at du er faren til barnet, skal du ikkje registrere eller signere på et farskap. I disse tilfella kan du bestille eit møte på det lokale Nav kontoret ditt, og vi vil rettleie deg gjennom det heile. Da får du uttale deg i saka, og kan be om ein DNA test.
Dersom du ikkje vil samarbeide om å fastsette farskapet, må vi sette inn tiltak. Dette kan vi gjere dersom mor har oppgitt deg som far, eller vi har opplysningar frå andre om at du er mogleg far til barnet.
Vi kallar først inn til eit møte der du får uttale deg. Det kan bli aktuelt å avklare farskapet ved DNA-prøve.
Dersom du vel å ikkje
- møte på innkallingar frå Nav, eller
- avlegge pålagt DNA-prøve
kan Nav stemne saka for tingretten. Dei har myndigheit til å tvangs-gjennomføre ei DNA-prøve, og legge dom på bakgrunn av resultatet.
Eventuelt barnebidrag kan bli vurdert fastsett tilbake til tidspunktet barnet blei født.
Dersom du er usikker på kven som er faren til barnet, kan vi hjelpe deg. Det gjer vi ved å møte deg, og du kan fortelje kven som kan vere moglege fedrar. Så kontaktar vi dei, og ber dei ta ein DNA test. På den måten kan vi saman finne ut kven som er den biologiske faren til barnet.
Som mor har du plikt til å uttale deg og gi opplysningar i ein farskapssak. Dette står i Barneloven §11.
Det er mange gode grunnar til å oppgi kven som er far
Barn har rett til å kjenne sine foreldre. Det handlar først og fremst om barnets kjenslemessige omsyn. Barn har også rett til å bli forsørga av begge foreldra sine, for eksempel gjennom barnebidrag. Det kan også oppstå arvelege sjukdommar, som gjer det viktig for barnet å kjenne sitt opphav. I tillegg kan barnet ha rett til barnepensjon dersom ein forelder går bort.
Dersom du er far i ein slik situasjon, kan du kontakte oss i Nav for å få hjelp og rettleiing. Vi kontaktar mor for ei utsegn, før vi kallar deg inn til eit møte for ein samtale.
Rett til å vite kven som er biologisk far
Etter å ha fylt 18 år har du rett til å få vite kven som er den biologiske faren din, utan at det fører til at det juridiske farskapet endrast. Denne retten gjelder ikkje når du er adoptert.
Dersom du har opplysningar om at ein mann kan vere den biologiske faren din, kan du be om at Nav krev ei DNA-analyse. Nav vil hente inn ei forklaring frå både deg og mannen, før det eventuelt blir kravd ei DNA-analyse.
De vil begge bli informert om resultatet av DNA-analysen.
Slik kjem du i kontakt med oss
Du kan kontakte oss gjennom tenesten Skriv til oss, eller du kan ringe 55 55 33 33.
Aktuell informasjon
Meir informasjon til deg som
I dette kapittelet
Når foreldra er gift ved fødselen, vert mannen rekna som faren til barnet automatisk. Her trengs det inga erklæring
Når foreldra ikkje er gift, må farskapet erklærast skriftleg. Som regel oppgjer mor kven som er far først. Etter det, kan faren erklære farskapet
- digitalt her på nav.no. Dette kan du gjere frå 22. svangerskapsveke, og frem til barnet er 6 månadar.
- hos jordmor eller lege i forbindelse med svangerskapskontroll, eller fødsel
- på eit offentleg kontor, for eksempel et Nav kontor eller eit Skattekontor. Det er ingen tidsavgrensing verken før eller etter fødsel, for å erklære på denne måten.
Dersom du erklærer farskap utan at mor først har oppgitt deg som far, må mor godkjenne erklæringa for at den skal kunne nyttast for å fastsette farskapet.
Det offentlege har ansvaret dersom farskapet ikkje blir erklært og fastsett ved fødsel. Ansvaret ligg hos Nav og domstolane. I disse tilfella kan dei moglege partane bli kalla inn for å uttale seg i saka, og for å gi prøver til DNA-analyse.
Det er eigne reglar for å fastsette farskap for barn som er fødd i utlandet.
Før far kan erklære farskapet digitalt, må du som mor oppgje kven som er far i den digitale erklæringa. Du kan oppgje kven som er faren frå og med 22. svangerskapsveke. Du kan også vente til etter at barnet er født. Den digitale løysinga er open for dette fram til barnet er 6 månadar.
Det er altså du som mor som må begynne på erklæringa først, ved å oppgje kven som er far til barnet. Dersom far loggar seg inn før du har oppgitt han som faren, vil han ikkje få moglegheit til å erklære farskapet.
For å erklære farskapet digitalt, gjeld alle disse punkta:
- Barnet må vere eller forventast født i Norge
- Mor må vere ugift og busett i Norge
- De må begge ha norsk fødsels- og personnummer
- De må begge vere over 18 år
- Svangerskapet har kome til veke 22 eller meir
- Barnet er under 6 månadar gamalt
Slik gjer du det:
- Mor oppgjer far:
- Mor loggar inn i løysinga for farskapserklæring
- Mor oppgjer termindatoen
- Mor oppgjer farens namn og fødselsnummer (11 siffer)
- Mor stadfestar at personen som er oppgitt er faren til barnet
- Far erklærer farskap:
- Far får melding frå mor eller Nav med lenke til løysinga
- Far loggar inn og kontrollerer opplysningane
- Far stadfestar at han er kjent med rettsverknadane av å erklære farskap
- Far signerer erklæringa
- Erklæringa vert oversendt Folkeregisteret for registrering og arkivering.
- Mor oppgjer far
- Mor loggar inn i løysinga for farskapserklæring
- Mor vel barnet ho vil oppgje far til
- Mor oppgjer fars namn og fødselsnummer (11 siffer)
- Mor stadfestar at oppgitt person er barnets far
- Far erklærer farskap
- Far får melding frå mor eller Nav med lenke til løysinga
- Far loggar inn og kontrollerer opplysningane
- Far stadfestar at han er kjent med rettsverknadane av å erklære farskap
- Far signerer erklæringa
- Erklæringa vert oversendt Folkeregisteret for registrering og arkivering
Farskap kan erklærast digitalt ved at begge foreldre identifiserer seg elektronisk på ein sikker måte og signerer ei digital erklæring.
Erklære farskap for tvillingar, eller fleire barn i same svangerskap
Dersom de skal erklære farskap for tvillingar eller fleire barn, kan de gjere dette samla på ei erklæring før fødsel.
Om de ventar til etter fødsel, må de ha ei erklæring for kvart av barna.
Du som far må møte personleg på et offentleg kontor og vise legitimasjon, dersom de ikkje kan eller vil erklære farskapet digitalt. Mor må i alle tilfelle oppgje deg som far, men du kan likevel erklære farskapet først. Mora til barnet må så godkjenne erklæringa di. Du og mor til barnet kan møte saman på det offentlege kontoret for å erklære farskap. Eller, mor kan møte åleine på Nav-kontoret for å oppgje kven som er far.
Offentlege kontor du som far kan møte opp på, er:
- Lege eller jordmor ved svangerskapskontroll
- Nav-kontor
- Skattekontor
- Dommar i tingretten
- Norsk utanriksstasjon eller utsendt utanrikstenestemann, dersom faren er i utlandet
Når det oppstår tvil om et farskap, kan barnet, mor, far eller ein tredjemann som meiner han er far til barnet reise sak for domstolen for å endre farskapet. Er farskapet tidlegare fastsett ved dom utan DNA-analyse, kan man krevje at saka vert gjenoppteken.
Eit farskap kan også endrast av Nav dersom ein mann erklærer seg som far til barnet, og barnets mor og den opphavlege faren godkjenner erklæringa. Er barnet over 18 år må barnet sjølv også samtykke til endringa. Det vert også kravd ei DNA-analyse som viser at den andre mannen er barnets far.
Dersom barnet er født, og både mor og far allereie har signert farskapet, kan de kontakte Folkeregisteret (skatteetaten.no) for å finne ut om farskapet er registrert.
I dette kapittelet
Mor og oppgitt far har innsyn i felles sak. Er du oppgitt som far har du rett til å vite namnet til mor og barn, samt barnets fødselsdato. Du har også rett til å vite om det er oppgitt fleire moglege fedrar, men ikkje kven som er oppgitt.
Barnet kan be om innsyn i sin eigen sak etter fylte 18 år.
Du har tausheitsplikt om alle opplysningane du får i farskapssaka.
Oppdatert 23.05.2024