Slik gjer du det
Oppdater kontaktinformasjonen din
Nav sender post til adressa du har registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret eller Folkeregisteret.
Når vi sender brev eller informasjon digitalt, bruker vi kontaktinformasjonen du har registrert i det felles kontakt- og reservasjonsregisteret.
Har du behov for å oppdatere kontaktinformasjonen din, kan du gjere dette på norge.no/oppdater-kontaktinformasjon.
Dei fleste som bur i Noreg står oppførte med berre ei adresse i folkeregisteret, men du kan oppgje tre:
- den adressa du bur på (bustadadresse)
- den adressa du ønskjer posten din send til (postadresse).
- den adressa du oppheld deg på (opphaldsadresse). Denne adressen brukes gjerne av ukespendlere.
Nav får alle desse adressene frå folkeregisteret. På skatteetaten.no kan du sjå og registrere ein ny postadresse i Folkeregisteret.
Oppdatert 24.05.2024