Utprøving av hjelpemiddel i Bergen
På NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen har vi eigne rom for utprøving av hjelpemiddel. Utprøving vert ofte gjort i samarbeid mellom brukaren, ein kommunal terapeut og rådgjevarar frå hjelpemiddelsentralen.
På utprøvingsromma i finn du til vanleg ein del av dei hjelpemidla som oftast er nytta i samband med utprøving. Utvalet kan variere, så sjekk listene for tilgjengelege hjelpemiddel når du skal foreta ei utprøving.
- tilgjengelege arbeidsstolar
- tilgjengelege elektriske rullestolar
- tilgjengelege manuelle rullestolar og drivaggregat
- tilgjengelege puter
- tilgjengelege stolar med oppreisingsfunksjon
Lån utprøvingsrom
Måndag og fredag kl 10.00-14.00 kan terapeutar låne utprøvingsrom og gjere utprøvingar på eiga hand.
Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen på telefon 40 70 28 12 for å avtale tid. Opplys om det på førehand dersom det trengst drosje-rekvisisjon.
Det kan førekomme avvik i opningstidene.
Open dag for utprøving av hjelpemiddel
I Bergen er det kvar onsdag kl. 10.00-14.00 open dag for utprøving av elektriske og manuelle rullestolar, og for arbeids- og løftestolar.
Siste opne dag før sommaren er onsdag 26. juni. Vi startar opp att onsdag 7. august.
Open dag er eit tilbod der brukarar i følgje med ergo- eller fysioterapeut frå kommunen, kan prøve prisforhandla hjelpemiddel. Både rådgjevar og teknikar frå hjelpemiddelsentralen er tilgjengelege for spørsmål og hjelp.
Open dag er eit lågterskeltilbod som kan nyttast utan tilvising. Ved komplekse problemstillingar eller behov for å prøve produkt som normalt ikkje er tilgjengelege på utprøvingsromma, må du sende tilvising på vanleg måte.
Send oss ein e-post dersom du har spørsmål om open dag.
Utprøving av trappeheis
Vil du prøve trappeheis med sete og Assistep, søker du om tilvising.
Terapeut kan ikkje avtale utprøving med firma, utan at det er godkjend av NAV Hjelpemiddelsentral Vestland.
Open dag for utprøving av trappeheis og AssiStep
Vi har utprøving av AssiStep og trappeheis den siste torsdagen i månaden kl. 9-14.30. Du treng ikkje sende skjema for tilvising for å delta, men du må avtale tid for utprøvinga på førehand.
Det er berre plass til ein utprøving om gongen, og den kommunale terapeuten må ta kontakt med ein av bustadrådgjevarane på hjelpemiddelsentralen, på telefon eller e-post. Viss du sender e-post må du sjekke at du får svar med bekrefta avtale.
Seinast to dagar før du har avtale må du sende e-post til rådgjevaren, og opplyse om brukarnummer og mål på trappen. Legg ved bilde av trappen det gjeld.
Kvar utprøving tek omlag 30 minutt. Det er ikkje open dag i juli, august eller desember.
Dersom de ser at nokon av løysingane vil vere hensiktsmessig, kan de sende søknad. I søknaden må det leggast ved mål og bilde av trapp.
Medlemmer i samhandlingsteamet mellom kommunane og hjelpemiddelsentralen i Bergen, finn kontaktinformasjon til rådgjevarane i teamet.
Open sykkeldag
Det er open sykkeldag i Bergen kvar torsdag kl. 12.00-14.00. Du må melde deg på for å delta.
Siste opne sykkeldag før sommaren er torsdag 20. juni.
Open sykkeldag er eit tilbod der brukarar frå 0-26 år, saman med sin lokale ergo- eller fysioterapeut, kan prøve prisforhandla syklar. Rådgjevar frå NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen er til stades under utprøvinga. Sykkeldagen gjeld berre enkle sykkelutprøvingar.
Sykkeldagen er eit lågterskeltilbod du kan nytta, utan å sende henvisning. Ved komplekse problemstillingar eller behov for å prøve ut syklar som til vanleg ikkje er tilgjengelege, må du sende henvisning.
Når barn skal delta på open sykkeldag er det viktig at de som er terapeutar sender oss ein e-post i forkant der de beskriv barnet sin funksjon, opplyser om skrittlengde og skriv kva produkt de ynskjer å prøve.
Det vil i hovudsakleg bli sett fram syklar og tilbehør. Det blir forventa at kommunal fysio- eller ergoterapeut har kjennskap til produkta og kan gjennomføre utprøving. Rådgjevar er tilgjengeleg for spørsmål.
Hugs sykkelhjelm!
Send e-post til rådgjevarane som har ansvar for tilbodet, dersom du vil vere med på open sykkeldag.
Ikkje send sensitiv informasjon i e-post
Ikkje send sensitiv informasjon i e-post. Sensitiv informasjon kan vere opplysningar om helseforhold, diagnosar eller liknande.