Seteheis tilgjengeleg for utprøving
På NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, har vi montert ein trappeheis med sete, som kan nyttast til utprøving.
Trappeheisen er tilgjengeleg for kommunale terapeutar. Du kan til dømes teste om brukaren klarar forflytting mellom rullestol og heissete, eller sjå kor stor plass heisen tar i trappa.
Rådgjevar frå NAV Hjelpemiddelsentral må delta ved utprøvinga. Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen, for å avtale utprøving med ein av rådgjevarane på bustadområdet.
Her finn du kontaktinformasjon for NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen.
![Bilde av trappeheis med sete, montert på vegg ved trapp](https://www.nav.no/_next/image?url=https%3A%2F%2Fwww.nav.no%2F_%2Fattachment%2Finline%2Fcfcaf54f-4cac-4b95-ab89-160e877e4492%3A6a564ccd6b4a8f15a4ed6426d82643ffb7cba9d7%2FSeteheis2.jpg&w=768&q=90)