Publisert 15. mai 2024 | Oppdatert 18. november 2024
Her er litt om oss og kva vi kan hjelpe til med.
Kven er vi?
Vi er omlag 20 IA-rådgivarar med brei kompetanse og erfaring frå ulike bransjar. Vi er lokaliserte i i Ålesund, Molde og Kristiansund og tilbyr tenester i heile fylket.
Kven kan få støtte?
Dersom ikkje dei digitale tenester til Nav er tilstrekkelege kan verksemda få hjelp frå arbeidslivssenteret i ein tidsavgrensa periode.
Støtte frå arbeidslivsenteret føreset at leiarar, tillitsvalde og verneombod samarbeider og har grunnleggjande kompetanse om arbeidsmiljø.
Verksemder med høgt sjukefråvær blir prioriterte.
Kva kan vi gi støtte til?
Døme på tenester:
- Partssamarbeid på arbeidsplassen
- Førebygging og oppfølging av sjukefråvær
- Tilrettelegging og medverknad for tilsette
- HelseIArbeid
- Opplæringsprogram for leiarar
- Ekspertbistand
Korleis ta kontakt med oss?
Kontaktskjema
E-post
Arbeidsgivartelefonen: 55 55 33 36