Publisert 30. mai 2024
I første kvartal 2024 auka det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal frå 6,2 prosent til 6,3 prosent samanlikna med same kvartal i 2023. Det er same auke som i resten av landet, der sjukefråværet går frå 6,1 prosent til 6,2 prosent.
Redusert sjukefråvær i statleg forvaltning
Det siste året har det vore ein reduksjon i sjukefråværet i statleg forvaltning. I kommunal forvaltning er sjukefråværet uendra, medan det i privat og offentleg næringsverksemd er ei auke i sjukefråværet 1. kvartal i år samanlikna med 1. kvartal i fjor.
Nedgang i sjukefråværet grunna psykiske lidingar
Fråværet innan psykiske lidingar har auka i fleire år. Men i 1. kvartal i år har vi ein nedgang i tapte dagsverk på over 1000, tilsvarande ein nedgang på ein prosent. Totalt i landet stig fråværet enda for denne gruppa, og auka i same periode er nesten 150 000 dagsverk, noko som er ei auke på 6,9 prosent.
Pressemelding om sjukefråværet i Møre og Romsdal 1. kvartal 2024