Rekruttering
Treng bedrifta di nye medarbeidarar? Nav Møre og Romsdal hjelper deg med å finne kompetansen som bedrifta di treng.
Sjå oversikta over marknadskontaktane i regionen din.
Nav Møre og Romsdal hjelper bedrifta di med å finne kompetansen de treng. Vi kjenner dei lokale forholda og kan gi individuelt tilpassa tenester, alle kostnadsfrie. Vi
- kan hjelpe deg med å rekruttere kandidatar lokalt, regionalt og nasjonalt til ulike bransjar
- avklarer aktuelle kandidatar
- kan inngå samarbeidsavtale med verksemda/bedrifta di
- kan hjelpe deg med å rekruttere arbeidskraft frå Europa, når det ikkje er kvalifisert arbeidskraft i Noreg
Vi arrangerer jobbmesser og kan leggje særskilt til rette for bedrifta di dersom du har større rekrutteringsbehov.
Dette kan du gjere sjølv
På nav.no kan du lyse ut stillingar og søkje etter kandidatar.
Tilskot, arbeidstrening og tilrettelegging
Nav har tilskot, arbeidstrening og tilrettelegging som kan vere aktuelt dersom du har tilsette som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, eller dersom du ønskjer å gi nye arbeidssøkjarar ein sjanse til å kome i jobb. Her kan Nav bidra med for eksempel lønnskompensasjon og hjelp til å leggje arbeidsplassen til rette.