Nedgangen i arbeidsløysa held fram i Rogaland. – Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden i Rogaland med stadig færre arbeidslause og mange utlyste stillingar fortset i mars, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Delen heilt arbeidslause i Rogaland er redusert med 22 prosent det siste året. Størst nedgang har Eigersund med 43 prosent. - Dette er svært gledeleg ettersom Eigersund i lange periodar under oljekrisen hadde høgast arbeidsløyse, fortel Merethe P. Haftorsen.
Justert for *sesongvariasjonar var det også ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i mars samanlikna med februar 2019.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Mars 2017 – mars 2019:
Tala under er ikkje sesongjustert.*
Det var i mars 1 616 arbeidssøkjarar som var deltakare i eit arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 7 748 personar, tilsvarande 3,0 prosent av arbeidsstyrka.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse i mars var det i Stavanger og Sandnes med høvesvis 3,7 og 3,4 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal og Hjelmeland med høvesvis 0,9 prosent og 1,3 prosent.
3 879 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 3 879 stillingar i mars. - Dette er ein auke på 27 prosent samanlikna med mars 2018, seier Merethe P. Haftorsen. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var helse, pleie og omsorg (621) bygg og anlegg (570), og ingeniør- og ikt-fag (535).
Arbeidsmarknaden i Rogaland. Mars 2019 samanlikna med mars 2018
Nøkkeltal
Mars 2018
Mars 2019
Heilt utan arbeid 16 – 67 år
7 848 (3,1%)
6 132 (2,4%)
Arbeidsretta tiltak
2 322 (0,9%)
1 616 (0,6%)
Bruttoarbeidsløyse**
10 170 (4,0%)
7 748 (3,0%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år
1 965
1 698
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)
4 194
2 917
Delvis ledige
3 495 (1,4%)
2 586 (1,0%)
Utlyste stillingar
2 296
3 879
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.