Publisert 2. desember 2021
Justert for *sesongvariasjonar var det stabil arbeidsløyse i Rogaland i desember samanlikna med november. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,2 prosent ved utgangen av månaden. – Rogaland har snart like lav del arbeidsløyse av arbeidsstyrka som snittet for alle fylka i Noreg, seier fylkesdirektør Merethe Haftorsen.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Desember 2016 – desember 2018:
Tala under er ikkje sesongjustert.*
Ved utgangen av desember var 6 179 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 2,5 prosent av arbeidsstyrka.
– Snittet for fylka i Noeg er på 2,3 prosent, fortel Merethe Haftorsen. – At Rogaland nærmer seg snittet for Noreg er svært gledeleg, ettersom Rogaland i mesteparten av oljenedturen var det fylket som hadde høgest arbeidsløyse.
Det var 1 694 arbeidssøkjarar som var deltakar i eit arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 7 873 personar, tilsvarande 3,2 prosent av arbeidsstyrka.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sola (3,7 prosent). Både Sandnes og Stavanger har ei bruttoarbeidsløyse på 3,6 prosent, medan den i Haugesund er på 3,5 prosent. Kommunane med lågast.
bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 0,9 prosent, 1,4 prosent og 1,5 prosent.
2 145 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 2 145 stillingar i desember. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (529), bygg og anlegg (301) og helse pleie og omsorg (291).
– Dei siste månadene har ledige stillingar innan ingeniør og ikt – fag holdt seg på eit høgt nivå, samstundes som det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Merethe P. Haftorsen.
Arbeidsmarknaden i Rogaland: Desember 2018 samanlikna med desember 2017***
Nøkkeltal
| Desember 2017
| Desember 2018
|
Heilt utan arbeid 16 – 67 år
| 8 059 (3,2%)
| 6 179 (2,5%)
|
Arbeidsretta tiltak
| 2 448 (1,0%)
| 1 694 (0,7%)
|
Bruttoarbeidsløyse**
| 10 507 (4,2%)
| 7 873 (3,2%)
|
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år
| 1 901
| 1 648
|
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)
| 4 506
| 2 960
|
Delvis ledige
| 3 497 (1,4%)
| 2 922 (1,2%)
|
Utlyste stillingar
| 1 694
| 2 145
|
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
Spesielle forhold: I november 2018 opna Nav ei ny registreringsløysing for alle som registrerar seg som arbeidssøkjarar på nav.no. Registreringen er no mindre omfattande og fører til at det går kortare tid fra arbeidssøkjarane registrerar seg til de kjem inn i statistikken. Dette kan bety at samanlikningen med desember 2017 ikkje er heilt korrekt.