Publisert 2. oktober 2020
– I september er det reduksjon i arbeidsløysa, samstundes som det blei utlyst nesten 3 200 stillingar. Det er spesielt ein stor auke i ledige stillingar for ingeniør og ikt – fag, seier Anneline Teigen, fungerande direktør i Nav Rogaland.
Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i september. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,2 prosent ved utgangen av månaden.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: September 2016 – september 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av september var 6 543 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 26 prosent færre enn på same tid i fjor. Det var 1 565 arbeidssøkjarar som var deltakar i eit arbeidsretta tiltak, og dette er ein nedgang på 30 prosent samanlikna med september 2017. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 8 108 personar, tilsvarande 3,2 prosent av arbeidsstyrka.
Færre arbeidslause i alle yrkesgrupper
Det er i september nedgang i arbeidsløysa i alle yrkesgrupper. Nedgangen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (- 621), industriarbeid (- 509) og bygg- og anlegg (- 415). Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for dei med bakgrunn frå kontorarbeid (- 235) og for serviceyrke og anna arbeid (- 124).
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sola og Stavanger der bruttoarbeidsløysa** i september er høvesvis 3,9 på prosent og 3,7 prosent. På Haugalandet er det Haugesund som har høgast bruttoarbeidsløysa med 3,6 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 1,0 prosent 1,3 prosent og 1,5 prosent.
3172 utlyste stillingar i september
Totalt vart det lyst ut 3 172 stillingar i september. Dette er ein auke 64 prosent samanlikna med september 2017. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (607), bygg- og anlegg (487) og industri (293). Dei siste månadene har ledige stillingar innan ingeniør og ikt – fag auka for kvar månad, samstundes som det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Anneline Teigen.
Arbeidsmarknaden i Rogaland: September 2018 samanlikna med september 2017
Nøkkeltal
| September 2017
| September 2018
|
Heilt utan arbeid 16 – 67 år
| 8 797 (3,4%)
| 6 543 (2,6%)
|
Arbeidsretta tiltak
| 2 242 (0,9%)
| 1 565 (0,6%)
|
Bruttoarbeidsløyse**
| 11 039 (4,3%)
| 8 108 (3,2%)
|
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år
| 2 222
| 1 714
|
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)
| 5 192
| 3 461
|
Delvis ledige
| 3 745 (1,5%)
| 2 907
|
Utlyste stillingar
| 1 937 (1,2%)
| 3 172
|
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon. For fleire opplysningar og kommentarar: fungerande direktør i Nav Rogaland, Anneline Teigen, tlf. 958 89 523.
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.