Publisert 1. juni 2018
Det siste året har arbeidsløysa gått meir ned i Rogaland enn i resten av landet. Bruttoarbeidsløysa** i mai er 3,5 prosent i fylket og 2,9 prosent i landet. Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i Rogaland og talet ledige stillingar er framleis høgt.
– Arbeidsmarknaden i Rogaland er i ferd med å normalisere seg og enkelte bransjar kan få utfordringar med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft i tida framover, seier Truls Nordahl, direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Mai 2016 - mai 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av mai var 6 572 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2017 er dette ein nedgang på 33 prosent. 2 208 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i mai. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 8 780 personar, tilsvarande 3,5 prosent av arbeidsstyrka.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Når ein samanliknar i kommunane i Rogaland er det relativt store variasjonar både i bruttoarbeidsløysa og i kva grad arbeidsløysa er gått ned det siste året. Blant dei fem største kommunane er det i Sandnes me finn den høgaste delen bruttoarbeidsløyse i mai med 4,1 prosent. Utanom Sandnes har alle kommunane ei arbeidsløyse under 4,0 prosent denne månaden.
Stavanger og Egersund har høvesvis 3,9 og 3,8 prosent bruttoarbeidsløyse. Haugesund og Karmøy har høvesvis 3,5 og 2,9 prosent. Nokre av dei mindre kommunane i Rogaland har svært låg arbeidsløyse. I Suldal er delen 0,7 prosent og i Bjerkreim og Tysvær er høvesvis 1,3 prosent og 1,8 prosent av arbeidsstyrka utan arbeid eller i arbeidsretta tiltak denne månaden.
Færre unge er heilt arbeidslause
Talet heilt arbeidslause mellom 16 år og 29 år er framleis på veg nedover i Rogaland. I mai var 1 606 i denne aldersgruppa registert som heilt arbeidslause, ein nedgang på 36 prosent samanlikna med mai 2017. 844 personar mellom 16 år og 29 år gjekk i mai på arbeidsretta tiltak. Dette er ein nedgang på 15 prosent samanlikna med mai 2017.
- Ein hovudprioritering for Nav er å hjelpe unge med å komme i jobb og det gleder meg at talet unge som er heilt arbeidslause er kraftig redusert det siste året. Nav kontora opplever eit godt samarbeid med lokalt næringsliv for å tilby tiltaksplassar for ungdom som treng å bygga ny erfaring, fortel Truls Nordahl.
Mange utlyste stillingar i mai
Det vart utlyst 3 795 ledige stillingar*** i Rogaland i mai. Av desse var det 1 707 stillingar som var utlyst i Stavanger, 630 i Sandnes, 380 i Haugesund og 205 i Karmøy.
Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i mai var helse, pleie og omsorg (585), ingeniør- og ikt-fag (574) og bygg- og anlegg (545).
Arbeidsmarknaden i Rogaland: Mai 2018 samanlikna med mai 2017
Nøkkeltal | Mai 2017 | Mai 2018 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 9 847 (3,9%) | 6 572 (2,6%) |
Arbeidsretta tiltak | 2 760 (1,1%) | 2 208 (0,9%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 12 607 (5,0% | 8 780 (3,5%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 517 | 1 606 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 3 901 | 3 688 |
Delvis ledige | 4 257 (1,7%) | 2 981 (1,2%) |
Utlyste stillingar | 2 214 | 3 795 |
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontrakts-periodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
*** Nav starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at Nav og arbeidssøkjarar i Noreg kan finne fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette.