Publisert 17. november 2020
Talet nye stillingar held seg i april på eit høgt nivå i Rogaland, samtidig som talet heilt arbeidsløyse det siste året er redusert med 19 prosent. – Bortsett frå Sokndal er det anten stabil eller redusert arbeidsløyse i alle kommunane i Rogaland, fortel Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i april samanlikna med mars 2019.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: April 2017 – april 2019
Tala under er ikkje sesongjustert.*
5 974 arbeidssøkjarar var heilt arbeidslause i april, og 1 504 arbeidssøkjarar var deltakare i arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar på arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 7 478 personar, tilsvarande 3,0 prosent av arbeidsstyrka.
Høg arbeidsløyse i Sokndal
Størst bruttoarbeidsløyse i april var det i Sokndal med 8,9 prosent. Årsaka til den plutselege høge delen arbeidslause i Sokndal var permitteringar på Titania AS. – Dette visar kor sårbare små kommunar med viktige hjørnesteinsbedrifter er for auka arbeidsløyse, seier Merethe P. Haftorsen.
Ellers hadde Stavanger og Sandnes den høgaste delen med bruttoarbeidsløyse i april med høvesvis 3,5 og 3,4 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse var Suldal, Bjerkreim og Hjelmeland med høvesvis 0,9 prosent, 0,9 prosent og 1,0 prosent. Av dei andre større kommunane i Rogaland var det Karmøy som har lågast bruttoarbeidsløyse med 2,3 prosent.
Ledige stillingar
Totalt vart det lyst ut 4 193 stillingar i april. – Dette er ein auke på 19 prosent samanlikna med april 2018, seier Merethe P. Haftorsen. - Sidan januar har talet ledige stillingar holdt seg på eit høgt nivå, og ein del næringsgrupper slit med å rekruttere nye tilsette, fortel ho.
Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i april var ingeniør- og ikt-fag (713), bygg og anlegg (603), og helse, pleie og omsorg (595).
Arbeidsmarknaden i Rogaland. April 2019 samanlikna med april 2018:
Nøkkeltal | April 2018 | April 2019 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 7 370 (2,9 %) | 5 974 (2,4 %) |
Arbeidsretta tiltak | 2 343 (0,9 %) | 1 504 (0,6 %) |
Bruttoarbeidsløyse** | 9 713 (3,8 %) | 7 478 (3,0 %) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 1 857 | 1 576 |
Langtids-arbeidssøkjarar | 4 044 | 2 838 |
Delvis ledige | 3 140 (1,2 %) | 2 445 (1,0 %) |
Utlyste stillingar | 3 521 | 4 193 |
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.