Publisert 18. desember 2020
I desember går arbeidsløysa nedover i Rogaland. 16 282 personar er registrerte som arbeidssøkarar – 414 færre sidan november.
Etter ein liten oppgang i november, er arbeidsløysa no på veg nedover igjen. 8 965 personar er heilt utan arbeid i Rogaland, viser ferske tal frå Nav for desember. Det utgjer 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Inkluderer vi arbeidssøkarar som er i tiltak via Nav, har vi ei bruttoarbeidsløyse på 3,9 prosent.
6 197 er registrerte som delvis utan arbeid. Det er 103 færre personar enn i november og utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken.
– Styrk kompetansen
– Arbeidsløysa er høg og det er mange som har vore utan arbeid store delar av 2020. Uavhengig av om bakgrunnen for arbeidsløyse er permittering eller oppseiing vil eg understreke kor viktig det er å sjekke ut moglegheitene for påfyll av kompetanse og se etter jobbar i andre bransjar. Eg er redd situasjonen vi står i vil prege samfunnet vårt langt ut i 2021, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Gjennom hausten har talet langtidsledige auka kraftig i Rogaland. I desember har 5 166 arbeidssøkarar vore registrerte heilt utan arbeid i meir enn eit halvt år. Flest har vært registrert heilt utan arbeid med en varighet på mellom 26 til 51 veker med 3 234 personer. Det skyldes primært koronapandemien.
Reduksjon i nesten alle næringar
Reiseliv og transport er framleis den yrkesgruppa med flest heilt utan arbeid. 1 392 personar står utan jobb. Industriarbeid følgjer etter med 1 069 personar. Deretter er det serviceyrke og anna arbeid med 859. Nesten alle yrkesgrupper har nedgang i arbeidsløysa i desember. Unntaket er bygg- og anlegg, som held seg stabil, medan undervisning er tilnærma uendra.
– Reduksjonen i arbeidsløysa ser vi i alle næringar med unntak av bygg og anleggsbransjen, kor arbeidsløysa held seg stabil, seier Haftorsen.
I Rogaland har Sola høgast del heilt utan arbeid med 4,2 prosent. Dei er likevel kommunen der arbeidsløysa har gått mest ned den siste månaden. Stavanger har ein del på 4,1 prosent. Sandnes har 3,9 prosent, medan Haugesund har 3,6 prosent.
Arbeidsløyse i nokre utvalde kommunar – heilt utan arbeid:
- Stavanger: 4,1%
- Sandnes: 3,9%
- Sola: 4,2 %
- Haugesund: 3,6%
- Karmøy: 2,8%
- Klepp: 3,1 %
- Hå: 2,8 %
- Time: 2.5%
- Eigersund: 3,5%
1 830 ledige stillingar
1 830 stillingar har til no vore offentleg kunngjort i desember. Innanfor Ingeniør- og IKT-fag (412), helse, pleia og omsorg (316) og bygg- og anlegg (187) er yrkesgruppene med flest utlysninger.
– Talet på ledige stillingar er ein liten nedgang samanlikna med i fjor på same tid. Likevel indikerer dette at det er mange arbeidsgivarar der ute som har behov for nye medarbeidarar. Vi registrerer at behovet for arbeidskraft er godt innanfor ingeniør- og IKT i Rogaland, seier Haftorsen.
Nøkkeltal | Desember 2020 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 8 695 (3,5%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 120 (0,4%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 9 815 (3,9%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 416 |
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) | 5 166 |
Delvis utan arbeid | 6 197 (2,4%) |
Utlyste stillingar | 1 830 |