Publisert 30. november 2018 | Oppdatert 30. november 2018
Justert for *sesongvariasjonar var det stabil arbeidsløyse i Rogaland i november samanlikna med oktober. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,1 prosent ved utgangen av månaden. – Det er også i november flest ledige stillingar for ingeniør og ikt-fag, seier Merethe Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: November 2016 – november 2018:
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.***
Ved utgangen av november var 6 108 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Det var 1 711 arbeidssøkjarar som var deltakar i eit arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 7 819 personar, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrka.
Færre arbeidslause i dei fleste yrkesgrupper***
Det er i november nedgang i arbeidsløysa i dei fleste yrkesgrupper. Nedgangen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (- 50 prosent), bygg- og anlegg (- 39 prosent) og meglare og konsulentar (- 39 prosent). Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for dei med bakgrunn frå industriarbeid (- 38 prosent).
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sola (3,6 prosent). Både Sandnes, Stavanger og Haugesund har ei bruttoarbeidsløyse på 3,5 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 0,9 prosent, 1,4 prosent og 1,6 prosent.
2.864 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 2 864 stillingar i november. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (720), helse, pleie og omsorg (514) og bygg- og anlegg (289). – Dei siste månadene har ledige stillingar innan ingeniør og ikt – fag holdt seg på eit høgt nivå, samstundes som det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Merethe P. Haftorsen.
Arbeidsmarknaden i Rogaland: November 2018 samanlikna med november 2017***
Nøkkeltal
| November 2017
| November 2018
|
Heilt utan arbeid 16 – 67 år
| 7 991(3,1%)
| 6 108 (2,4%)
|
Arbeidsretta tiltak
| 2 381 (0,9 %)
| 1 711 (0,7%)
|
Bruttoarbeidsløyse**
| 10 372 (4,0%)
| 7 819 (3,1%)
|
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år
| 1 928
| 1 656
|
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)
| 4 576
| 2 994
|
Delvis ledige
| 3 582 (1,4%)
| 2 921 (1,2%)
|
Utlyste stillingar
| 1 834
| 2 864
|
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
***Spesielle forhold: I november 2018 åpnet Nav en ny registreringsløsning for alle som registrerer seg som arbeidssøkere på nav.no. Registreringen er nå mindre omfattende og fører til at det går kortere tid fra arbeidssøkerne registrerer seg til de kommer inn i statistikken. Dette kan bety at sammenligningen med november 2017 ikke er helt korrekt.