Ved utgangen av juni er bruttoarbeidsløysa** i Rogaland 2,6 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med same perioden fjor har bruttoarbeidsløysa fallt kraftigst i landet; frå 3,3 prosent i juni 2018 til 2,6 prosent i juni 2019.
– Utsiktene på arbeidsmarknaden i Rogaland er gode nå samanlikna med åra vi har bak oss. Fleire arbeidsgjevarar har behov for nye medarbeidarar og mange ledige stillingar vart lyst ut, også i juni, seier Merethe P.Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Justert for *sesongvariasjonar held arbeidsløysa seg stabil i juni samanlikna med mai 2019.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Juni 2017 – Juni 2019:
Tala under er ikkje sesongjustert.*
I Rogaland er delen heilt utan arbeid 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med same periode i fjor er det en nedgang på 14 prosent.
5 693 arbeidssøkjarar var heilt utan arbeid i juni, og 1 028 arbeidssøkjarar var deltakarar i arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar på arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 721 personar, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Stavanger og Sandnes har høgast **bruttoarbeidsløyse i juni, begge med 3,1 prosent. Haugesund har ei bruttoarbeidsløyse på 2,8 prosent medan Karmøy har lågast bruttoarbeidsløyse av dei større bykommunane med 2,0 prosent.
Den lågaste arbeidsløysa finn vi i distrikta og særleg i indre Ryfylke. I Sokndal kommune held arbeidsløysa seg høg på grunn av at permitteringar ved bedrifta Titania framleis preger situasjonen.
Ledige stillingar
I juni vart det lyst ut 3 630 stillingar. Dette er ei auke på 16 prosent samanlikna med same periode i fjor, og det aukar i nesten alle yrkesgrupper . Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juni var bygg- og anlegg (736), ingeniør- og ikt-fag (553) og helse, pleie og omsorg (440).
Arbeidsmarknaden i Rogaland. Juni 2019 samanlikna med juni 2018:
Nøkkeltal
Juni 2019
Juni 2018
Heilt utan arbeid 16 – 67 år
5 693 (2,2%)
6 593 (2,6%)
Arbeidsretta tiltak
1 028 (0,4%)
1 768 (0,7%)
Bruttoarbeidsløyse**
6 721 (2,6%)
8 361 (3,3%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år
1 561
1 690
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)
2 875
3 698
Delvis ledige
2 455
3 101
Utlyste stillingar
3 630
3 289
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.