Publisert 26. mars 2021 | Oppdatert 9. april 2021
Smitteverntiltaka på Haugalandet resulterte i ein umiddelbar oppgang i arbeidsløysa i mars.
Ferske tal frå Nav Rogaland viser at 16 745 personar er enten heilt utan arbeid, delvis utan arbeid eller i eit arbeidsretta tiltak ved utgangen av mars. Det er på same nivå som ved utgangen av februar.
Blant desse arbeidssøkarane er 9 560 heilt utan arbeid. Dette utgjer 3,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket.
5 813 er delvis utan arbeid, og utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken.
Ved utgangen av mars er 1 372 i eit arbeidsretta tiltak via Nav i Rogaland.
Haugesund har høgast arbeidsløyse
I Rogaland har vi erfart korleis arbeidsløysa heng saman med smitteverntiltaka denne månaden. Etter at Haugalandet for litt over to veker sidan innførte strenge smitteverntiltak, auka arbeidsløysa med om lag 630 personar, berre i Karmøy, Haugesund og Tysvær kommune.
– I Haugesund auka arbeidsløysa med 40 prosent på kort tid, seier direktør i Nav Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
I Sør-Rogaland har vi i løpet av mars sett motsett trend. Her har arbeidsløysa gått nedover, sjølv om reduksjonen skjer sakte.
– No, per 26. mars, er det for tidleg å sjå kor store konsekvensar dei nasjonale innstramingane som nettopp er blitt innført, får for arbeidsløysa i fylket sett under eitt. Men ein god del av utelivsaktørane har allereie begynt å stengja dørene, seier Haftorsen.
Haugesund er kommunen med klar høgast arbeidsløyse ved utgangen av mars. 5,3 prosent av arbeidsstyrken står heilt utan arbeid. I dei største kommunane ser arbeidsløysa blant dei heilt utan arbeid slik ut:
- Haugesund: 5,3%
- Karmøy: 4,3%
- Stavanger: 4,0%
- Sandnes: 3,9 %
- Eigersund: 3,8%
- Sola: 3,7 %
- Klepp: 3,2%
- Time: 2,7%
- Hå: 2,7%
Bransjar som er hardt ramma
Reiseliv og transport og butikk- og salsarbeid er yrkesgruppene med høgast arbeidsløyse med høvesvis 1 465 og 1 409 personar heilt utan arbeid.
– Reiseliv, servering og overnatting er døme på bransjar som har slitt tungt gjennom heile pandemien. Dei vil halde fram med å slite til vi kjem oss gjennom denne krisa, seier Haftorsen.
4 073 utlyste stillingar i mars
I mars vart det lyst ut 4 073 ledige stillingar i Rogaland. Flest stillingar var det innanfor industriarbeid og helse, pleie og omsorg med 600 stillingar i kvar kategori. Innan bygg- og anlegg var det lyst ut 566 stillingar, medan ingeniør- og IKT-fag hadde 574 stillingar.
– Talet på ledige stillingar gir oss ein god temperaturmålar på arbeidsmarknaden i fylket. Det er gledeleg å sjå at det framleis er mange arbeidsgivarar som treng meir arbeidskraft. Det bør gi trua på at den rette jobben finst, sjølv om konkurransen er tøff.
Påfyll av kompetanse i form av utdanning eller kurs er eit klokt val for å styrke moglegheitene, seier Haftorsen.
Arbeidsmarknaden i Rogaland. Mars 2021
Nøkkeltal | Mars 2021 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 9 560 (3,7%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 372 (0,5%) |
Bruttoarbeidsløyse | 10 932 (4,2%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 630 |
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) | 5 022 |
Delvis utan arbeid | 5 813 (2,3%) |
Utlyste stillingar | 4 073 |