Publisert 15. april 2021
I februar er delen heilt arbeidslause i Rogaland på 2,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er same del som snittet for alle fylka i Norge. Sist Rogaland hadde like låg del heilt arbeidsløyse som snittet for Norge var i mars 2015.
– Arbeidsmarknaden i Rogaland er i ferd med å normalisere seg, og enkelte bransjar har per i dag utfordringar med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft, seier Merethe Haftorsen, direktør i Nav Rogaland. – Dette gjeld spesielt verksemder som treng fleire ingeniørar og personar med it - kompetanse, fortel ho.
Justert for *sesongvariasjonar var det også ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i februar samanlikna med januar 2019.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Februar 2017 – februar 2019
Tala under er ikkje sesongjustert.*
Ved utgangen av februar var 6 386 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette utgjer 2,5 prosent av arbeidsstyrka. - At Rogaland i februar har like låg del arbeidsløyse som snittet for fylka i Norge er meget gledeleg. - Det er er nesten 4 år sidan sist, fortel Merethe P. Haftorsen. Frå og med april 2015 og til og med januar 2019 har Rogaland hatt høgare del heilt arbeidslause enn snittet for fylka i Norge, og i lange periodar den høgaste delen av alle fylka i Norge.
Det var i februar 1 665 arbeidssøkjarar som var deltakare i eit arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 8 051 personar, tilsvarande 3,2 prosent av arbeidsstyrka.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse i februar var det i Sandnes og Stavanger med høvesvis 3,8 og 3,7 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal og Kvitsøy med høvesvis 1,1 prosent og 1,4 prosent.
3 701 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 3 701 stillingar i februar. - Dette er ein auke på 26 prosent samanlikna med februar 2018, seier Merethe P. Haftorsen. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (671), helse, pleie og omsorg (607) bygg og anlegg (417).
Arbeidsmarknaden i Rogaland. Februar 2019 samanlikna med februar 2018
Nøkkeltal | Februar 2018 | Februar 2019 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 8 019 (3,1 %) | 6 386 (2,5%) |
Arbeidsretta tiltak | 2 481 (1,0 %) | 1 665 (0,7%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 10 500 (4,1 %) | 8 051 (3,2%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 1 961 | 1 770 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 4 211 | 2 928 |
Delvis ledige | 3 467 (1,4 %) | 2 751 (1,1%) |
Utlyste stillingar | 2 934 | 3 701 |
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
Spesielle forhold: I november 2018 åpna Nav ei ny registreringsløsning for alle som registrerer seg som arbeidssøkere på nav.no. Registreringen er nå mindre omfattende og fører til at det går kortere tid fra arbeidssøkerne registrerer seg til de kommer inn i statistikken. Dette kan bety at sammenligningen i forhold til endring i antall helt ledige i januar 2019 med januar 2018 ikke er helt korrekt.