Publisert 29. juni 2018
Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i Rogaland og ved utgangen av juni er den registrerte bruttoarbeidsløysa** 3,3 prosent.
– Det er svært gledeleg at arbeidsmarknaden er i betring og at stadig fleire Rogalendingar finn nytt arbeid. Samstundes får Nav Rogaland tilbakemeldingar om at det i fleire bransjar er små marginar og ein relativt høg bruk av midlertidige tilsetjingar. Dette tilseier at det framleis er behov for omstillingar i næringslivet i regionen, seier Truls Nordahl, direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Juni 2016 – juni 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av juni var 6 593 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2017 er dette ein nedgang på 31 prosent. 1 768 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i juni. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 8 361 personar, tilsvarande 3,3 prosent av arbeidsstyrka.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Bruttoarbeidsløysa er lågare enn 4,0 prosent i alle kommunar i Rogaland i juni. Størst er den i Stavanger, Sandnes og Sola med 3,8 prosent. I Egersund er delen 3,6 prosent, medan det er 3,5 prosent bruttoarbeidsløyse i Haugesund og 2,7 prosent i Karmøy. Lågast er arbeidsløysa i Suldal (0,7 prosent), Bjerkreim (1,5 prosent) og Lund (1,5 prosent).
Utlyste stillingar i juni
3 289 ledige stillingar*** vart lyst ut i Rogaland i juni. 2 144 av desse stillingane var lyst ut i Stavanger og Sandnes medan 393 stillingar var lyst ut i Haugesund og Karmøy.
Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juni var bygg- og anlegg (672), ingeniør- og ikt-fag (503) og helse, pleie og omsorg (422).
Arbeidsmarknaden i Rogaland: Juni 2018 samanlikna med juni 2017
Nøkkeltal | Juni 2017 | Juni 2018 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 11 288 (4,3%) | 6 593 (2,6%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 542 (0,6%) | 1 768 (0,7%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 12 830 (4,9%) | 8 361 (3,3%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 3 061 | 1 690 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 5 854 | 3 698 |
Delvis ledige | 4 434 (1,7%) | 3 101 (1,2%) |
Utlyste stillingar | 1 585 | 3 289 |
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
***Nav starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at Nav og arbeidssøkjarar i Noreg kan finna fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette.