Publisert 2. mars 2018 | Oppdatert 2. mars 2018
Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i februar. – At nedgangen i arbeidsløysa held fram er som forventa på bakgrunn av våre prognosar for 2018 og normale sesongmessige svingingar seier Truls Nordahl, direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert arbeidsløyse i Rogaland. Februar 2016 - februar 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av februar var 8 019 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2017 er dette ein nedgang på 34 prosent. 2 481 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i februar. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 10 500 personar, tilsvarande 4,1 prosent av arbeidsstyrka.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Bruttoarbeidsløysa i februar er størst i Sandnes og Sola med 4,9 prosent. I Stavanger og Haugesund er det høvesvis 4,5 og 4,1 prosent bruttoarbeidsløyse, medan det er 4,1 prosent i Eigersund og 3,6 prosent i Karmøy. – Det er svært gledeleg at arbeidsløysa fortsatt går ned i dei fleste kommunane i Rogaland, seier Nordahl.
Det er færre heilt arbeidslause innan alle yrkesgrupper jamført med same månad i 2017. Nedgangen i arbeidsløyse er størst for arbeidssøkjarar innan Ingeniør- og ikt-fag (- 52 prosent), Industriarbeid (- 47 prosent) og Bygg og anlegg (- 35 prosent).
2 934 utlyste stillingar
Det vart utlyst 2 934 ledige stillingar i Rogaland i februar. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i februar var helse, pleie og omsorg (630), ingeniør- og ikt-fag (409), bygg- og anlegg (274) og industriarbeid (264).
Arbeidsmarknaden i Rogaland: februar 2017 samanlikna med februar 2018
Nøkkeltal | Februar 2017 | Februar 2018 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 12 111 (4,6 %) | 8 019 (3,1 %) |
Arbeidsretta tiltak | 2 592 (1,0 %) | 2 481 (1,0 %) |
Bruttoarbeidsløyse** | 14 703 (5,6 %) | 10 500 (4,1 %) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 3 144 | 1 961 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 6 213 | 4 211 |
Delvis ledige | 4 729 (1,8 %) | 3 467 (1,4 %) |
Utlyste stillingar | 2 280 | 2 934 |
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontrakts-periodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
***Nav starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at Nav og arbeidssøkjarar i Noreg kan finne fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette.