Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i august. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 2,7 prosent ved utgangen av månaden.
– Arbeidsløysa i Rogaland er framleis på veg nedover, samstundes som det i august varti lyst ut 2 386 stillingar i Rogaland. Dette er ein positiv start på hausten, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Tala under er ikkje sesongjustert*.
Ved utgangen av august var 6 011 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 14 prosent færre enn på same tid i fjor. – Rogaland hadde i august den største prosentvise reduksjonen i delen heilt arbeidslause av alle fylka i Norge, fortel Merethe P. Haftorsen.
Det var 827 arbeidssøkjarar som var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak i august, og dette er ein nedgang på heile 41 prosent samanlikna med august 2018. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 838 personar, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrka.
Færre arbeidslause i dei fleste yrkesgrupper
Det er i august nedgang i arbeidsløysa i dei fleste yrkesgrupper. Reduksjonen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (- 46 prosent) og industriarbeid (- 38 prosent). Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for meklare og konsulentar (- 30 prosent) og for dei med bakgrunn frå kontorarbeid (- 22 prosent).
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
I august har Stavanger høgast bruttoarbeidsløyse med 3,2 prosent. Sandnes og Sola har ein del på 3,1 prosent, medan Haugesund og Karmøy har ein lågare bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,6 og 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Den lågaste arbeidsløysa av dei store kommunane i Rogaland har Eigersund med 2,1 prosent. Lågast del av alle kommunane i Rogaland har Suldal (1,0 prosent) og Sauda (1,2 prosent).
Utlyste stillingar
– Det var god tilgang på ledige stillingar Rogaland også i august, fortel Merethe P.Haftorsen. Totalt vart det lyst ut 2 386 stillingar. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i august var ingeniør- og ikt-fag (417), bygg- og anlegg (313) og helse, pleie og omsorg (376).
Arbeidsmarknaden i Rogaland. August 2019 samanlikna med august 2018
Nøkkeltal
August 2018
August 2019
Heilt utan arbeid 16 – 67 år
7 026 (2,8 %)
6 011 (2,4%)
Arbeidsretta tiltak
1 410 (0,6 %)
827 (0,3%)
Bruttoarbeidsløyse**
8 436 (3,4 %)
6 838 (2,7%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år
1 747
1 713
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)
3 861
2 921
Delvis ledige
2 699 (1,1 %)
2 076 (0,8%)
Utlyste stillingar
2 659
2 386
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.