Publisert 31. august 2018 | Oppdatert 3. september 2018
Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i august. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,4 prosent ved utgangen av månaden.
– Arbeidsløysa i Rogaland er framleis på veg nedover, samstundes som talet med ledige stillingar i august er høgt. - Dette er ein positiv start på hausten, seier Anneline Teigen, fungerande direktør i Nav Rogaland.
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av august var 7 026 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 27 prosent færre enn på same tid i fjor. Det var 1 410 arbeidssøkjarar som var deltakar i eit arbeidsretta tiltak i august og dette er ein nedgang på 30 prosent samanlikna med august 2017. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 8 436 personar, tilsvarande 3,4 prosent av arbeidsstyrka.
Færre arbeidslause i alle yrkesgrupper
Det er i august nedgang i arbeidsløysa i alle yrkesgrupper. Nedgangen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (-632), industriarbeid (-551) og bygg- og anlegg (-491). Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for dei med bakgrunn frå kontorarbeid (-274) og for serviceyrke og anna arbeid (-159).
Framleis høgast arbeidsløyse i Stavanger-regionen
Bruttoarbeidsløysa i august er størst i Sola (3,9 prosent), Stavanger (3,8 prosent), Sandnes (3,8 prosent) og i Eigersund (3,8 prosent). I Haugesund er bruttoarbeidsløysa på 3,5 prosent. – Samstundes med at Stavangerregionen ennå har den høgaste arbeidsløysa, så er det der nedgangen i arbeidsløysa har vore størst det siste året, seier Anneline Teigen.
Utlyste stillingar i august
Det var god tilgang på ledige stillingar i Rogaland også i august. Totalt vart det lyst ut 2 659 stillingar. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i august var ingeniør- og ikt-fag (438), bygg- og anlegg (383) og helse, pleie og omsorg (361).