Publisert 15. januar 2021
– Ikkje sidan september 2014 har arbeidsløysa i Rogaland vore like låg som i november 2019, fortel Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Samanlikna med november 2018 er det ein reduksjon i arbeidsløysa for alle aldersgrupper.
– Det er også gledeleg at arbeidsløysa går mest ned for dei som har vore arbeidslause i 26 uker eller meir, seier ho.
Tala under er ikkje sesongjustert*.
Ved utgangen av november var 5 420 personar heilt utan arbeid i Rogaland, ein nedgang på 11 prosent samanlikna med november 2018. 1 000 arbeidssøkjarar var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak, ein reduksjon på heile 42 prosent samanlikna med same månad i fjor. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 420 personar, tilsvarande 2,5 prosent av arbeidsstyrka. – Dette er den lågaste arbeidsløysa i Rogaland sidan september 2014, fortel Merethe P. Haftorsen.
Kommunevise variasjonar
I november hadde Sandnes høgast bruttoarbeidsløyse med 3,0 prosent. Stavanger og Sola hadde ein del på høvesvis 2,9 prosent og 2,8 prosent. På Haugalandet hadde Haugesund, Karmøy og Tysvær ei bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,5 prosent, 1,9 prosent og 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Lågast del arbeidslause av alle kommunane i Rogaland hadde Suldal med 1,2 prosent.
2 730 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 2 730 stillingar i november. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var pleie og omsorg (568) ingeniør- og ikt-fag (502), og bygg- og anlegg (303).
Arbeidsmarknaden i Rogaland. November 2018 samanlikna med november 2019:
Nøkkeltal i Rogaland | November 2018 | November 2019 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 6 108 (2,4%) | 5 420 (2,1%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 711 (0,7%) | 1 000 (0,4%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 7 819 (3,1%) | 6 420 (2,5%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 1 656 | 1 464 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 2 994 | 2 427 |
Delvis ledige | 2 921 (1,2%) | 2 359 (0,9%) |
Utlyste stillingar | 2 864 | 2 730 |
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon.