Publisert 27. april 2018
Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i Rogaland. – Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden i Rogaland med stadig færre arbeidslause og mange utlyste stillingar kjem alle til gode, seier Truls Nordahl, direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: April 2016 - april 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av april var 7 370 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2017 er dette ein nedgang på 32 prosent. 2 343 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i april. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 9 713 personar, tilsvarande 3,8 prosent av arbeidsstyrka. Dette er den lågaste registrerte bruttoarbeidsløysa i Rogaland sidan juli 2015.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er store skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sandnes med 4,4 prosent. I Eigersund og Stavanger er det høvesvis 4,3 og 4,2 prosent brutto arbeidsløyse, medan det er 3,7 og 3,5 prosent i høvesvis Haugesund og Karmøy. Lågast bruttoarbeidsløyse er det i Bjerkreim med 1,6 prosent og Suldal med 2,1 prosent.
Færre arbeidslause i alle yrkesgrupper
Jamført med april 2017 har nedgangen i arbeidsløyse vore størst, både i tal og prosentdel, innan Ingeniør- og ikt-fag (- 51 prosent), Industriarbeid (- 45 prosent) og Bygg og anlegg (- 38 prosent). I stor grad er desse yrkene mannsdominerte og vi kan sjå at dette gjev utslag i form av ein større reduksjon i arbeidsløysa for menn det siste året.
3 521 utlyste stillingar i april
Det vart utlyst 3 521 ledige stillingar*** i Rogaland i april og dette er ein auke på 82 prosent samanlikna med same månad i fjor. 2 805 av stillingane var utlyst i Stavangerregionen.
– Sjølv om våre metodar for stillingsinnhenting er endra og ein difor ikkje direkte kan tolka dette som ein auke i behovet for arbeidskraft, er det likevel svært godt nytt for arbeidssøkjarane at det er mange stillingar å søkje på samstundes som at stadig færre konkurrerer om dei ledige jobbane, seier Truls Nordahl.
Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i april var bygg- og anlegg (717), helse, pleie og omsorg (489), ingeniør- og ikt-fag (481), og undervisning (358).
Arbeidsmarknaden i Rogaland: April 2018 samanlikna med april 2017
Nøkkeltal | April 2017 | April 2018 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 10 865 (4,2%) | 7 370 (2,9 %) |
Arbeidsretta tiltak | 2 714 (1,0%) | 2 343 (0,9 %) |
Bruttoarbeidsløyse** | 13 579 (5,2% | 9 713 (3,8 %) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 754 | 1 857 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 6349 | 4 044 |
Delvis ledige | 4 214 (1,6 %) | 3 140 (1,2 %) |
Utlyste stillingar | 1 496 | 3 521 |
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontrakts-periodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
*** Nav starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at Nav og arbeidssøkjarar i Noreg kan finne fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette.