Publisert 2. november 2018 | Oppdatert 2. november 2018
Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i oktober. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,1 prosent ved utgangen av månaden.
– I oktober er det reduksjon i arbeidsløysa for alle yrkesgrupper, samstundes som det blei utlyst over 3 400 stillingar. Det er også i oktober ein stor auke i ledige stillingar for ingeniør og ikt – fag, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Oktober 2016 – oktober 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av oktober var 6 062 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 27 prosent færre enn på same tid i fjor. Det var 1 687 arbeidssøkjarar som var deltakar i eit arbeidsretta tiltak, og dette er ein nedgang på 31 prosent samanlikna med oktober 2017. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 7 749 personar, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrka. – Dette er den lågaste arbeidsløysa i Rogaland siden januar 2015, fortel Merethe P. Haftorsen.
Færre arbeidslause i alle yrkesgrupper
Det er i oktober nedgang i arbeidsløysa i alle yrkesgrupper. Nedgangen er størst innan ingeniør- og ikt- fag (- 52 prosent), bygg- og anlegg (- 45 prosent) og industriarbeid (- 39 prosent). Det er også stor nedgang i arbeidsløysa for dei med bakgrunn som meglare og konsulentar (-35 prosent) og for kontorarbeid (- 25 prosent).
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse er det i Sola og Stavanger der bruttoarbeidsløysa** i oktober er på 3,6 prosent . På Haugalandet er det Haugesund som har høgast bruttoarbeidsløysa med 3,5 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal, Bjerkreim og Lund med høvesvis 1,1 prosent 1,4 prosent og 1,5 prosent.
3 434 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 3 434 stillingar i oktober. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (769), helse, pleie og omsorg (607) og bygg- og anlegg (509). Dei siste månadene har ledige stillingar innan ingeniør og ikt – fag auka for kvar månad, samstundes som det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Merethe P. Haftorsen.
Arbeidsmarknaden i Rogaland: Oktober 2018 samanlikna med oktober 2017
Nøkkeltal
| Oktober 2017
| Oktober 2018
|
Heilt utan arbeid 16 – 67 år
| 11 408 (4,4 %)
| 6 062 (2,4%)
|
Arbeidsretta tiltak
| 2 152 (0,8 %)
| 1 687 (0,7 %)
|
Bruttoarbeidsløyse**
| 13 560 (5,2 %)
| 7 749 (3,1 %)
|
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år
| 3 022
| 1 582
|
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)
| 5 956
| 4 086
|
Delvis ledige
| 4 310 (1,7 %)
| 2 899 (1,2 %)
|
Utlyste stillingar
| 1 394
| 3 434
|
Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon. For fleire opplysningar og kommentarar; direktør i Nav Rogaland, Merethe P. Haftorsen, tlf 934 26 424.