Publisert 4. mars 2021
Det legemeldte sjukefråværet i Rogaland er på 5,0 prosent i 4. kvartal 2020, viser tall frå Nav.
Legemeldt sjukefråvær, som er tapte dagsverk dividert på avtalte dagsverk, auka med 7,1 prosent samanlikna med 4. kvartal 2019. Alle fylkar i Noreg har ei auke i sjukefråværet samanlikna med 4. kvartal i 2019, men det er berre Troms og Finnmark som aukar meir enn Rogaland.
– Samstundes er det berre Oslo som har eit lågare sjukefråvær enn Rogaland, seier assisterande direktør i Nav Rogaland, Anneline Teigen.
– Den største auken i sjukefråværet er i aldersgruppa 20-24 år, som er på nesten 18 prosent samanlikna med same kvartal i 2019, seier Teigen.
Kommunane med høgast legemeldt sjukefråvær er Utsira (6,7%), Bokn (6,6%), Haugesund (6,0%) og Stand (5,9%). Lågast sjukefråvær har Kvitsøy (2,9%), Hjelmeland (3,3%) og Lund (3,9%).
Nokre utvalde kommunar sitt legemeldte sjukefråvær:
• Stavanger: 4,6%
• Sandnes: 5,1%
• Sola: 4,7%
• Hå: 5,4%
• Time: 4,8%
• Klepp: 5,5%
• Gjesdal: 4,7%
• Eigersund: 5,1%
• Haugesund: 6,0%
• Karmøy: 5,7%
Dei to største diagnosegruppene, muskel-/ og skjelettlidingar og psykiske lidingar, utgjer høvevis 35,0 prosent og 23,0 prosent av det totale legemeldte sjukefråværet i 4. kvartal
Slik fordeler sjukefråværet seg mellom dei ulike diagnosegruppene:
• Allment og uspesifisert: 5,9%
• Sjukdom i fordøyingsorgana: 4,9%
• Hjarte- og kar sjukdommar: 3,3%
• Muskel-/skjelettlidingar: 35,0%
• Sjukdommar i nervesystemet: 5,8%
• Psykiske lidingar: 23,0%
• Sykdommer i luftvegane: 6,7%
• Svangerskapssykdommer: 6,4%
• Andre lidingar: 8,6%
• Ukjent: 0.2%