Publisert 26. februar 2021
– Kravet til kompetanse forsterker seg på arbeidsmarknaden, uttaler direktør i Nav Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
Tal frå Nav Rogaland viser at 16 741 er anten heilt utan arbeid, delvis utan arbeid eller i eit arbeidsretta tiltak ved utgangen av februar. Det 178 færre personar samanlikna med førre månad.
Blant arbeidssøkarane er 9 678 personar for augenblikket heilt utan arbeid, noko som er 802 færre enn førre månad. Arbeidsløysa blant dei heilt utan arbeid utgjer 3,8 prosent av arbeidsstyrken i fylket. 5 780 personar er delvis utan arbeid, noko som utgjer 2,3 prosent. Det er er ein auke på 466 personar samanlikna med førre månad.
Arbeidsløysa er høgast blant unge og høgare blant menn enn blant kvinner i alle aldersgrupper. 5 208 personar i Rogaland har stått heilt utan arbeid i meir enn eitt halvt år i Rogaland.
– No, etter nesten eitt år med koronapandemi og smitteverntiltak er eg bekymra for unge som er i ferd med å entre arbeidslivet og dei som har låg tilknytning til arbeidslivet. Over 10 000 personar i Rogaland jobbar mindre enn dei ønsker eller står heilt utan arbeid. Den høge arbeidsløysa vil prege samfunnet vårt i lang tid framover. Derfor kan eg ikkje understreke nok kor viktig det er å sjekke ut moglegheitene for påfyll av kompetanse eller utdanning, seier Merethe P. Haftorsen.
300 færre arbeidslause i næringa reiseliv og transport
1 607 personar heilt utan arbeid har bakgrunn frå yrkesgruppa reiseliv og transport. Det er den desidert største gruppa. Årsaka er at koronarestriksjonar har ramma desse jobbane heilt sidan starten av pandemien.
– Det er likevel positivt at det har vorte nærare 300 færre heilt utan arbeid i denne yrkesgruppa den siste månaden. Samtidig veit vi at denne bransjen er svært utsett for tiltak dersom smittesituasjonen i regionen skulle endra seg, seier Haftorsen.
Dei andre yrkesgruppene med høg arbeidsløyse er bygg- og anlegg, industriarbeid, butikk- og salsarbeid og serviceyrke og anna arbeid.
Stavanger har høgast arbeidsløyse
Stavanger har høgast arbeidsløyse i fylket med 4,4 prosent, Sandnes ligg på 4,3 prosent medan Sola har ei arbeidsløyse på 4,2 prosent. På Haugalandet har Haugesund høgast arbeidsløyse med 3,8 prosent. Karmøy har 2,9 prosent. Eigersund har høgast arbeidsløysa i Dalane, med 3,4 prosent.
4 558 utlyste stillingar i februar
I februar vart det lyst ut 4 558 stillingar i Rogaland. Det er ein auke på 10 prosent samanlikna med februar 2020. Flest stillingar var det innanfor ingeniør- og ikt-fag, med 869 stillingar. Innan helse, pleie og omsorg vart det lyst ut 835 stillingar.
– Mange næringar etterspør kompetanse og søker etter medarbeidere, blant anna innan ingeniør- og ikt-fag, industrifag, undervisning og helse, pleie og omsorg. Men generelt ser vi at spriket aukar mellom kva arbeigjevarar etterspør og kompetansen til dei som står utan arbeid.
– Mange arbeidsgjevarar lyser ut ledige stillingar. I vintermånadane lyser også mange arbeidsgjevarar ut lærlingestilllingar, sommarjobbar og vikariat.
I underkant av 70 prosent av dei ledige stillingane er lyst ut på Nord-Jæren; i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg.
Arbeidsmarknaden i Rogaland. Februar 2021.
Nøkkeltal | Februar 2021 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 9 678 (3,8%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 283 (0,5%) |
Bruttoarbeidsløyse | 10 961 (4,3%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 662 |
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) | 5 208 |
Delvis utan arbeid | 5 780 (2,3%) |
Utlyste stillingar | 4 558 |