Publisert 29. januar 2021 | Oppdatert 29. januar 2021
– Vi forventa ein oppgang i arbeidsløysa på starten av 2021. Naturlege sesongvariasjonar og strenge smittervernrestriksjonar gjer at arbeidsløysa stig, uttaler direktør i Nav Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
Ved utgangen av januar er 16 919 personar registrerte som arbeidssøkarar, viser tal frå Nav. Det er ein auke på 637 personar samanlikna med desember i fjor. 10 480 personar er for augeblikket heilt utan arbeid. Det utgjer 4,1 prosent av arbeidsstyrken i fylket. 5 314 personar er delvis utan arbeid, noko som utgjer 2,1 prosent.
Arbeidsløysa blant unge er høg og nærmar seg 6 prosent, med 5,9 prosent blant unge mellom 20 og 24 år. For unge mellom 25 og 29 år er arbeidsløysa 5,4 prosent.
Reiseliv og transport har slite i lang tid
Heilt sidan koronaviruset ramma arbeidsmarknaden i Rogaland i mars i fjor, har reiseliv og transport vore bransjen som har slitt mest i fylket og Noreg elles. 1 892 personar med bakgrunn i desse yrkesgruppene står ved utgangen av januar heilt utan arbeid. Det er 1 267 fleire enn på same tid i fjor.
– Denne bransjen livnærer seg på at folk kjem seg ut frå heimen og deltar fysisk, enten du reiser, deltar på eit kulturelt arrangement eller et på ein restaurant. Det siste året har vi vorte bedne om å vera mest mogleg heime, og restriksjonane er strenge. Derfor har denne bransjen det tøft, og det vil ta lang tid før dei er tilbake til normalen, seier Haftorsen.
– 3 394 personar har stått heilt utan arbeid i eit halvt år til eitt år. Den kraftige auken i langtidsarbeidsløysa heng i stor grad saman med at mange næringar slit tungt med utfordringane koronasituasjonen gir dei, mellom anna reiseliv og transport, seier Haftorsen.
Stavanger med klart høgast arbeidsløyse
Stavanger kommune har klart høgast arbeidsløyse i fylket med 5,0 prosent heilt utan arbeid. I Sandnes er 4,6 prosent arbeidslause, medan i Sola er det 4,5 prosent. På Haugalandet har Haugesund den høgaste arbeidsløysa med 4,1 prosent, Karmøy har 3,2 prosent og Tysvær 2,9 prosent. Av kommunane på Jæren er det Gjesdal som har høgast arbeidsløyse med 3,7 prosent heilt utan arbeid. I Klepp er delen 3,6 prosent, medan Time og Hå har høvesvis 3,3 prosent og 3,1 prosent. I Dalane har Eigersund den høgaste arbeidsløysa med 4,0 prosent.
5 443 stillingar blei lyst ut
I januar vart det lyst ut 5 443 stillingar i Rogaland. Det er ein auke på 8 prosent samanlikna med same månad i fjor. Flest stillingar var det innanfor helse, pleia og omsorg med 1 164.
– Nærare 5 500 stillingar lyst ut stadfestar at det er mange verksemder i fylket vårt som er på jakt etter arbeidskraft. Sjølv om konkurransen om jobbane er tøff, finst det gode moglegheiter i fleire bransjar. Kanskje det kan vera på tide å sjå seg om etter jobb i ein heilt ny bransje? No er det mogleg å kombinera dagpengar med utdanning eller kurs, noko som gjer at det er enklare for arbeidsledige å satsa mot karriere i andre bransjar, seier Haftorsen.
Bransjar med flest stillingar lyst ut i januar:
- Helse, pleie og omsorg – 1 164
- Ingeniør- og IKT-fag – 1 021
- Bygg- og anlegg – 680
- Industriarbeid – 614
Arbeidsmarknaden i Rogaland. Januar 2021:
Nøkkeltal | Januar 2021 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 10 480 (4,1%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 125 (0,4%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 11 605 (4,5%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 940 |
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) | 5 543 |
Delvis utan arbeid | 5 314 (2,1%) |
Utlyste stillingar | 5 443 |