Publisert 2. februar 2018
Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram som venta i januar. – Den gjennomgåande trenden i 2017 var ein jamn nedgang i arbeidsløysa når ein tek høgde for normale sesongvariasjonar. Vi gjer rekning med at denne trenden vil vere like sterkt gjeldande i 2018 seier Truls Nordahl, direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert arbeidsløyse i Rogaland: Januar 2016 - januar 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av januar var 8 485 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2017 er dette ein nedgang på 34 prosent. 2 347 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i januar. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 10 832 personar, tilsvarande 4,2 prosent av arbeidsstyrka.
– Trenden med nedgang i arbeidsløysa vil halde fram utover i 2018, og våre prognosar tilseier at gjennomsnittleg bruttoarbeidsløyse i 2018 vil ligge på om lag 3,5 prosent. For alle som søkjer arbeid er det godt nytt at det er mange stillingar å søkje på og stadig færre som konkurrerer om dei ledige jobbane, seier Truls Nordahl.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er store skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Høgst arbeidsløyse er det i Sola og Sandnes der bruttoarbeidsløysa i januar er 5,1 prosent. I Stavanger og Haugesund er det høvesvis 4,6 og 4,5 prosent brutto arbeidsløyse, medan det er 4,0 prosent i Eigersund og 3,7 prosent i Karmøy. Lågast bruttoarbeidsløyse er det i Suldal og Bjerkreim med høvesvis 1,2 prosent og 1,8 prosent.
Færre arbeidslause i alle yrkesgrupper
Det vart færre heilt arbeidslause innan alle yrkesgrupper i løpet av det siste året. Når ein jamfører med januar 2017 har nedgangen i arbeidsløyse vore størst innan Ingeniør- og ikt-fag (- 51 prosent), Industriarbeid (- 47 prosent), Bygg og anlegg (- 37 prosent) og Akademiske yrker (- 34 prosent). Samstundes er det om lag 1 000 personar som har vore registrert arbeidslause i to år eller meir. Av desse har ein stor del bakgrunn frå Ingeniør og ikt-fag.
4 037 utlyste stillingar i desember
Det vart utlyst 4 037 ledige stillingar i Rogaland i januar. Nav starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at Nav og arbeidssøkjarar i Noreg kan finne fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette.
– Sjølv om ein ikkje kan tolke talet utlyste stillingar som ein direkte auke i etterspurnaden etter arbeidskraft er det vår tilråding at arbeidssøkjarane intensiverer innsatsen no når det er relativt mange stillingar å søkje på, seier Nordahl.
Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i desember var helse, pleie og omsorg (943), ingeniør- og ikt-fag (572), bygg- og anlegg (501) og industriarbeid (390).
Arbeidsmarknaden i Rogaland: Januar 2017 samanlikna med januar 2018
Nøkkeltal | Januar 2017 | Januar 2018 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 12 779 (4,9%) | 8 485 (3,3%) |
Arbeidsretta tiltak | 2 208 (0,8%) | 2 347 (0,9 %) |
Bruttoarbeidsløyse** | 14 987 (5,7%) | 10 832 (4,2 %) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 3 336 | 2071 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 6 358 | 4 516 |
Delvis ledige | 4 491 (1,7%) | 3 372 |
Utlyste stillingar | 2 827 | 4 037 |
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontrakts-periodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.