Publisert 2. desember 2020
Sjukefråværet i Rogaland er 4,1 prosent i 3. kvartal 2020.Ferske tal frå Nav viser at det legemeldte sjukefråværet i Rogaland, som er tapte dagverk dividert på avtalte dagsverk, auka med 9,1 prosent samanlikna med 3. kvartal i 2019.
I Noreg er det legemeldte sjukefråværet på 4,5 prosent. Alle fylka har auke i sjukefråværet samanlikna med 3.kvartal i fjor, men sjukefråværet i Rogaland aukar mest.
Kommunar på Haugalandet har høgast sjukefråvær
Kommunane med høgast legemeldt sjukefråvær er Bokn (5,5%), Tysvær (4,9%), Karmøy (4,8%) og Haugesund (4,7%). Lågast sjukefråvær har Utsira (1,9%), Kvitsøy (2,1%).
– Til tross for auke i 3. kvartal 2020 samanlikna med 3 kvartal 2019 så er Rogaland eit av fylka med lågast sjukefråvær i landet. Det er berre Oslo som har lågare legemeldt sjukefråvær enn Rogaland. Den auken vi ser i sjukefråværet i 3.kvartal heng saman med utviklinga i pandemien vi er midt i, seier direkør i Nav Rogaland, Merethe P.Haftorsen.
Nokre utvalde kommunar sitt legemeldte sjukefråvær:
- Stavanger: 3,8%
- Sandnes: 4,1%
- Sola 3,8%
- Hå: 4,3%
- Time: 3,7%
- Klepp: 4,3%
- Gjesdal: 4,0%
- Eigersund: 4,1%
Størst auke i gruppa med sjukdommar i luftvegane
Det er diagnosegruppa « sjukdommar i luftvegane» som har størst auke i 3.kvartal. 7,9 prosent av det totale sjukefråværet er sjukdommar i luftvegane. Til samanlikning var det 5,1 prosent i 3. kvartal 2019.
– Det er ikkje overraskande at sjukefråværet aukar blant personar med sjukdommar i luftvegane. Heilt sidan koronaviruset kom til landet, har styresmaktene oppmoda personar med symptom i luftvegane om å halde seg heime. Det har òg vore tilfelle med personar som har vore i kontakt med smitta personar. Mange har òg måtte gå i karantene etter utenlandsreise. Samla sett har dette ført til ein auke i sjukefråværet i denne diagnosegruppa, seier Haftorsen.
Flest er sjuke med muskel-/ og skjelettlidingar
36,2 prosent av det totale sjukefråværet kjem av muskel-/ og skjelettlidingar i 3. kvartal. Det er dermed den klart største gruppa med sjukemelde. 21,1 prosent var sjukemeld med psykiske lidingar. Det er den nest største gruppa med sjukemelde i fylket.
Slik fordeler sjukefråværet seg mellom dei ulike diagnosegruppene:
- Allment og uspesifisert: 5,5%
- Sykdom i fordøyingsorgana: 5,2%
- Hjarte- og kar sjukdommar: 3,6%
- Muskel-/skjelettlidingar: 36,2%
- Sykdommer i nervesystemet: 5,4%
- Psykiske lidingar: 21,1%
- Sykdommer i luftvegane: 7,9%
- Svangerskapssykdommer: 6,0%
- Andere lidingar: 9,1%
- Ukjent: 0,3%