Publisert 27. november 2020 | Oppdatert 27. november 2020
I november aukar arbeidsløysa kraftig innanfor reiseliv og transport, men går samstundes ned i fleire andre bransjar.
Ferske tal frå Nav viser at 16 696 personar er arbeissøkarar i Rogaland ved utgangen av november. Dette inkluderar personar heilt utan arbeid, delvis utan arbeid og arbeissøkarar på tiltak. 9 331 personar er registrert heilt utan arbeid i fylket. Det utgjør 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Snittet for Noreg ligg på 3,9 prosent.
– Auka i arbeidsløysa dei siste vekene er ein direkte konsekvens av dei nye smittetiltakene som styresmaktene innførte 5. november. Det resulterte brått i ein oppgang i arbeidsløysa, spesielt innafor reiseliv, persontransport, overnatting og servering. Det er bransjar som har slitt tungt i lang tid, og har fått det endå tøffare i haust, seier Merethe P.Haftorsen, direktør i Nav Rogaland.
– Nav fekk tidleg i november ein indikasjon på at arbeidsløysa ville gå opp innanfor desse yrkesgruppene då mengden varslar om permitteringar og oppseiingar frå bedrifter auka betydeleg.
Reiseliv- og transport hardt ramma
Yrkesgruppa med flest personar heilt utan arbeid er reiseliv og transport med over 1 400. Samanlikna med førre månad er det ein oppgang på 19 prosent. Innanfor industriarbeid er 1 100 heilt utan arbeid, medan butikk og salsarbeid er har i underkant av 1 000 heilt utan arbeid. Innanfor serviceyrke og anna arbeid står drygt 900 utan arbeid. Det er ein oppgang på 8 prosent sidan førre månad.
– Forutan reiseliv og transport, butikk og salsarbeid, serviceyrker og annet arbeid, har fleire andre yrkesgrupper nedgang i arbeidsløysa, seier Haftorsen.
6 300 personar er delvis utan arbeid. Det er 2,5 prosent av arbeidsstyrken. I tillegg er 1 065 personer i et arbeidsretta tiltak gjennom Nav.
59 prosent har vært utan jobb i meir enn eit halvt år
59 prosent av dei som står heilt utan arbeid, har vært utan tilknytning til arbeidslivet i meir enn et halvt år.
– Mange har no vore utan arbeid sidan koronaviruset ramma arbeidsmarknaden i mars. Uavhengig av om ein er permittert eller oppsagt, er det viktig at desse arbeidssøkarane no vurderer moglegheitene sine i form av meir utdanning eller påfyll av kompetanse. Derfor er vi i Nav svært opptatt av å synnliggjere moglegheitene som finst. Det har vi gjort ved å lansera ei moglegheitsside på nav.no der du finn informasjon om ulike kurs og arbeidsrettede tiltak. I tillegg finn du informasjon vidaregåande opplæring, seier Haftorsen.
Sola kommune har høgast arbeidsløyse
I november har Sola høgast arbeidsløyse med 4,5 prosent heilt utan arbeid. Stavanger har 4,3 prosent, medan Sandnes har 4,1 prosent. På Haugalandet har Haugesund, Karmøy og Tysvær ei arbeidsløyse på høvesvis 3,7 prosent, 2,9 prosent og 2,7 prosent av arbeidsstyrken. På Jæren har Gjesdal høgast del med 3,3 prosent. Klepp, Hå og Time har høvevis 3,1 prosent, 2,8 prosent og 2,7 prosent. I sørfylket har Eigersund høgast arbeidsløyse med 3,4 prosent.
2 687 ledige stillingar
I november vart det lyst ut 2 687 stillingar offentleg i Rogaland. Det er ein liten nedgang, på 2 prosent, samanlikna med same månad i fjor. Innanfor ingeniør- og IKT-fag var det 551 kunngjorde stillingar. Det er ein oppgang på 10 prosent samanlikna med i fjor. Helse, pleie og omsorg var bransjen med flest kunngjorde stillingar med 595.
– 2 687 kunngjorde stillingar i november er eit godt bilde på at det framleis er mange bedrifter i ulike næringar som treng meir arbeidskraft. Det er omtrent det same talet som i fjor, noko som er særs positivt. Det er viktig at arbeidssøkarane vurder moglegheitene sine innanfor bransjar som nå etterspør arbeidskraft, seier Haftorsen.
Nøkkeltal | November 2020 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 9 331 (3,6%) |
Arbeidsretta tiltak | 1 065 (0,4%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 10 396 (4,0%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 551 |
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) | 5 330 |
Delvis utan arbeid | 6 300 |
Utlyste stillingar | 2 687 |