Publisert 3. august 2018
Justert for sesongvariasjonar var arbeidsløysa stabil i Rogaland i Juli. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var 3,5 prosent ved utgangen av månaden.
– Arbeidsmarknaden i Rogaland er framleis i ein positiv utvikling og det er spesielt gledeleg å sjå at det er ein stor nedgang i arbeidsløysa blant dei som har vore registrert i meir enn 26 veker, seier Anneline Teigen, fungerande direktør i Nav Rogaland.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Juli 2016 – juli 2018
Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.
Ved utgangen av juli var 7 440 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 26 prosent færre enn på same tid i fjor. For dei som har vært arbeidslause i meir enn 26 veker var det ein nedgang på 34 prosent i same periode. Det var 1 338 arbeidssøkjarar som var deltok i eitt arbeidsretta tiltak i juli og dette er ein nedgang på 29 prosent samanlikna med juli 2017. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 8 778 personar, tilsvarande 3,5 prosent av arbeidsstyrka.
Færre arbeidslause
Nedgangen i arbeidsløyse er størst innan Ingeniør- og ikt- fag (-705), industriarbeid (-581) og Bygg- og anlegg (-461). Det er og stor nedgang i arbeidsløyse for dei med bakgrunn frå Kontorarbeid (-319) og meklarar og konsulentar (-100).
Samanlikna med arbeidsmarknaden for eitt år sidan er det færre arbeidslause i alle aldersgrupper og i alle yrkesgrupper denne månaden, med unntak av yrkesgruppa Undervisning som er stabil.
Alle kommunane i fylket har anten nedgang eller stabil arbeidsløyse jamført med juli 2017.
Utlyste stillingar i juli
Det var god tilgang på ledige stillingar Rogaland i juli og totalt vart det lyst ut 2 499 stillingar*** på www.nav.no. 1524 (61 prosent) av stillingane vart lyst ut i Stavanger og Sandnes.
Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar i juli var bygg- og anlegg (522), ingeniør- og ikt-fag (468) og helse, pleie og omsorg (378) og Industriarbeid (238).
Arbeidsmarknaden i Rogaland: Juli 2018 samanlikna med juli 2017
Nøkkeltal | Juli 2017 | Juli 2018 |
Heilt utan arbeid 16 – 67 år | 10 119 (4,0 %) | 7 440 (3,0 %) |
Arbeidsretta tiltak | 1 913 (0,7 %) | 1 338 (0,5%) |
Bruttoarbeidsløyse** | 12 032 (4,7 %) | 8 778 (3,5%) |
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år | 2 538 | 1 832 |
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir) | 6 311 | 4 197 |
Delvis ledige | 3 331 (1,3 %) | 2 361 (0,9%) |
Utlyste stillingar | 1140 | 2 499 |
Fakta
*Sesongvariasjonar er naturlege svingingar uavhengig av konjunkturar i arbeidsmarknaden. Semesterslutt for studentar og verksemdene sine kontraktsperiodar er nokre eksempel.
**Summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa.
***Nav starta i 2017 arbeid med å auke delen stillingar på nav.no slik at Nav og arbeidssøkjarar i Noreg kan finna fleire ledige jobbar. Ved tolking av statistikk over tilgang ledige stillingar bør ein merke seg dette.