Publisert 1. februar 2019 | Oppdatert 1. februar 2019
I januar var det ein reduksjon i delen heilt arbeidslause på 21 prosent i Rogaland samanlikna med januar 2018. Samtidig ble det lyst ut nesten 4 700 stillingar. - Arbeidsmarknaden i Rogaland har fått ein god start i 2019, fortel direktør for Nav Rogaland, Merethe P. Haftorsen.
Justert for *sesongvariasjonar var det også ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i januar samanlikna med desember 2018.
Sesongjustert* arbeidsløyse i Rogaland: Januar 2017 – januar 2019
Tala under er ikkje sesongjustert.*
Ved utgangen av januar var 6 669 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrka. – Snittet for Noreg er 2,6 prosent, fortel Merethe Haftorsen. – At Rogaland nærmer seg snittet for Noreg er svært gledeleg, ettersom Rogaland i mesteparten av oljenedturen var det fylket som hadde høgast arbeidsløyse.
Det var i januar 1 669 arbeidssøkjarar som var deltakare i eit arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 8 338 personar, tilsvarande 3,4 prosent av arbeidsstyrka.
– Trenden med nedgang i arbeidsløysa i Rogaland trur Nav Rogaland vil halde fram utover i 2019. På lik linje med heile 2018 ser vi som nevnt også i januar at Rogaland er det fylket hvor delen arbeidsløyse faller mest. Ein hovudårsak til dette er at Rogaland er eit oljefylke, og at etterspurnaden etter kompetent arbeidskraft blant mange arbeidsgivare for tiden er meget høg. Mange av dei som tidligere har vore arbeidslause er no attraktive på arbeids-marknaden, fortel ho.
Kommunevise variasjonar i arbeidsløysa
Det er fortsat skilnader mellom kommunane i delen arbeidslause. Størst bruttoarbeidsløyse i januar var det i Sandnes og Stavanger som begge har ei bruttoarbeidsløyse på 3,8 prosent. Kommunane med lågast bruttoarbeidsløyse er Suldal og Bjerkreim med høvesvis 1,3 prosent og 1,7 prosent.
4 667 utlyste stillingar
Totalt vart det lyst ut 4 667 stillingar i januar - Dette er eit høgt tal, og ein auke på 16 prosent samanlikna med januar 2018, seier Merethe P. Haftorsen. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar var ingeniør- og ikt-fag (882), helse, pleie og omsorg (849) bygg og anlegg (528).
– Dei siste månadene har ledige stillingar innan ingeniør og ikt – fag holdt seg på eit høgt nivå samstundes som det er størst reduksjon i arbeidsløysa for dei med ingeniør og ikt bakgrunn, fortel Merethe P. Haftorsen.