Kva kan Nav arbeidslivssenter hjelpe med?
Les meir om tenestene til Nav arbeidslivssenter.
Kven jobbar på Nav arbeidslivssenter
Vi er omlag 4o IA-rådgivarar med brei kompetanse og erfaring frå ulike bransjar. Vi er lokaliserte på 9 Nav-kontor, og tenestene våre dekkar heile Vestland.
Arbeidslivssenteret har og ein Arbeidsgivarlos med særskilt kompetanse på arbeid og psykisk helse, og to rådgivande jordmødrer med særskilt kompetanse på kvinnehelse i arbeidslivet. I tillegg er det tilsett ein HelseIArbeid-koordinator.
Kven kan få støtte?
Dersom ikkje dei digitale tenester til Nav er tilstrekkelege kan verksemda få hjelp frå Arbeidslivssenteret i ein tidsavgrensa periode.
Støtte frå Arbeidslivsenteret føreset at leiarar, tillitsvalde og verneombod samarbeider og har grunnleggjande kompetanse om arbeidsmiljø.
Verksemder med høgt sjukefråvær blir prioriterte.
Kva kan du få støtte til?
Arbeidslivssenteret støttar små og store arbeidsmiljøprosessar med mål om å redusere sjukefråværet og hindre fråfall.
Arbeidsmiljøprosessen kan resultere i ein mål– og handlingsplan. Døme på tenester:
- Sjukefråværsrutinar
- Tilrettelegging og medverknad for tilsette
- Langvarige eller hyppig sjukefråvær
- Partssamarbeid på arbeidsplassen
- HelseIArbeid
- Endring og omstilling
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Arbeid og psykisk helse
- Ekspertbistand