Publisert 29. februar 2024 | Oppdatert 29. februar 2024
Sjukefråværet i Vestland gjekk opp samanlikna med i 2022 og utgjer over ein million tapte dagsverk.
Det legemelde sjukefråværet i fylket enda på 6,1 prosent i fjerde kvartal 2023 mot 5,9 prosent i same periode året før.
Dei fleste er borte frå jobb grunna muskel- og skjelettplager (32 prosent) og psykiske lidingar (24 prosent). Mykje av auken sidan 2022 kjem blant kvinner.
I fjerde kvartal passerer 30-åringar så vidt 50-åringar i sjukefråvær.
– Sjukefråværet har auka mest i aldersgruppa 20–49 år, og mykje av auken gjeld sjukefråvær med psykiske lidingar. Dei siste to åra har sjukefråværet i Vestland auka jamt. Det er ein utvikling vi som samfunn må jobbe saman for å snu, seier assisterande direktør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Helse- og sosialsektoren har høgast fråvær med 8,8 prosent. Andre store sektorar som undervisning, overnatting og servering, transport og lagring og bygg og anlegg har også auke i fråværet.
Fakta om sjukefråværet i Vestland i fjerde kvartal 2023
- Høgast fråvær i kommunane Askøy (7,7 prosent), Øygarden (7,3 prosent) og Bjørnafjorden og Osterøy (begge 6,9 prosent).
- Lågast fråvær i Austevoll (4,3 prosent), Aurland (4,5 prosent), Luster og Vik (begge 4,6 prosent)
- Sjukefråværet i Vestland er litt høgare enn landsgjennomsnittet på 6 prosent.
Fleire tal om sjukefråværet finst på statistikksidene.
Eigenmeldt sjukefråvær på landsnivå finn du hos SSB.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, assisterande direktør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgivar, 90 50 70 96