Publisert 28. februar 2025
No er det høgsesong for å lyse sommarjobbar. I februar er det over 1000 utlyste feriejobbar i Vestland.
Totalt er det om lag 6 700 ledige jobbar i Vestland, og om lag 20 prosent av desse er feriejobbar. Det er flest ledige jobbar innan helse, pleie og omsorg (1 507), reiseliv og transport (686) og butikk- og salsarbeid (643).
Arbeidsløysa er framleis låg, med 6 523 personar registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i februar. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken i fylket.
God start på arbeidslivet
Fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland seier dei som treng ferievikarar må hive seg rundt og lyse ut stillingane no. Saman med NHO Vestland og Vestland fylkeskommune har Nav Vestland i år lansert kampanjen «Sommarjobb i vest», for å vise fram dei unike moglegheitene som finst for ungdommar i Vestland.
– Mange arbeidsgivarar vi snakkar med seier sommarvikarane er ein veldig viktig ressurs for dei, spesielt med tanke på å gi unge ei forsmak på yrke dei kan utdanne seg til. Eg oppmodar arbeidsgivarar til å bli med på kampanjen «Sommarjobb i vest», og på den måten bidra til å gi unge arbeidstakarar ein god start på arbeidslivet, seier Hysing-Olsen.
Mange bransjar treng folk
Navs eigne undersøkingar syner at mange bransjar har stort behov for å erstatte og tilsette nye personar i åra framover. Aller mest kritisk er det i helse- og sosialsektoren, men også bransjar som undervisning, varehandel og transport har stort behov i åra framover.
– Arbeidsgivarar som tenkjer framover ser på sommarvikariat som ei god moglegheit for å vise fram bransjen sin. Ein sommarjobb kan hjelpe unge med å velje ei utdanning til et yrke der det vil vere behov for dei i framtida, seier Hysing-Olsen.
Arbeidsløysa i Vestland ligg på same nivå som i februar 2024, og under landsgjennomsnittet på 2,0 prosent heilt ledige.
Høgast ledigheit i fylket har Hyllestad med 5,5 prosent, og Ulvik med 4,4 prosent. Lågast ledigheit har Solund med 0,5 prosent og Stord med 0,8 prosent heilt ledige.
Arbeidsmarknaden i Vestland, februar
| Februar 2025 | Februar 2024 |
Heilt ledige, Vestland | 6 523 personar 1,9 % av arbeidsstyrken | 6 602 personar 1,8 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 473 personar 2,2 % av arbeidsstyrken | 3 564 personar 2,2 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 702 | 2 447 |
Ledige under 30 år | 1 725 | 1 843 |
Permitterte, heilt eller delvis | 831 | 1 447 |
Ledige stillingar | 6 720 | 6 350 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96