Publisert 20. desember 2024
I desember var 6 076 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken.
Fylket har no 177 fleire heilt ledige enn i desember i fjor. Vestland har lågare ledigheit enn snittet for landet, som ligg på 2,0 prosent heilt ledige.
Andel fordrivne frå Ukraina mellom 20 og 66 år som er i jobb, har auka gjennom året, og ligg no på 28 prosent. Det er om lag det same som snittet for landet.
– Det er som venta at fleire i denne gruppa kjem seg i arbeid etter kvart som dei er ferdige med introduksjonsprogrammet. Dei med lengst opphald har høgare jobbdeltaking enn nyankomne. Blant dei som kom i 2022 er 42 prosent i arbeid, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Raskt i jobb
Nav har ei rekkje tiltak som skal bidra til at fleire kjem i arbeid. Individuell jobbstøtte (IPS) er eit tiltak som har hatt god effekt for fleire grupper, mellom anna flyktningar. Hysing-Olsen trekk fram Hurtigsporet Raskt i jobb i Bergen, som arbeider med flyktningar for å skaffe arbeid eller utdanning.
– IPS tar utgangspunkt i deltakarane sin eigen motivasjon, ønskjer og ressursar. I Raskt jobb har fire jobbspesialistar i samarbeid med integreringskonsulent og rettleiarar i Nav fått 86 prosent av deltakarane i løna arbeid eller utdanning i år, seier fylkesdirektøren.
Mange ledige jobbar innan helse
I desember var det utlyst 2 858 ledige stillingar i Vestland. Det er flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg (926), industriarbeid (297) og ingeniør- og IKT-fag (243).
Høgast ledigheit i fylket har kommunane Ulvik med 4,0 prosent, Bremanger 3,5 prosent, og Eidfjord med 2,7 prosent. Fire av 43 kommunar har under 1 prosent arbeidsløyse. Aller lågast ligg Solund og Stord.
Arbeidsmarknaden i Vestland, desember
| Desember 2024 | Desember 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 6 076 personar 1,8 % av arbeidsstyrken | 5 899 personar 1,7 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 284 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 3 172 personar 2,0 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 564 | 2 254 |
Ledige under 30 år | 1 592 | 1 615 |
Permitterte, heilt eller delvis | 704 | 911 |
Ledige stillingar | 2 858 | 3 544 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96