Publisert 13. februar 2025 | Oppdatert 27. februar 2025
Nær 37 000 vestlendingar mottek uføretrygd, viser tal frå Nav.
Uføretrygd skal sikre inntekt til dei som ikkje kan jobbe på grunn av ein varig sjukdom eller skade. Ved utgangen av 2024 var 36 957 innbyggarar i Vestland registrerte med heilt eller delvis uføretrygd. Det er 9 prosent av befolkninga i yrkesaktiv alder, og 752 fleire enn på same tid året før.
Nær dobla på ti år
Aldersgruppa over 50-59 år har flest uføre. Men det er utviklinga blant dei yngre som uroar fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland. I aldersgruppa 30-39 år har talet på uføre nær dobla seg dei sist ti åra. Berre sidan i fjor har det blitt nær 300 fleire uføre i denne aldersgruppa.
– Vi finn også dei yngre igjen i sjukmeldingsstatistikkane, og vi veit at det er ein tett samanheng mellom sjukefråvær og tal på uføre. Langvarig sjukefråvær er ein uføredrivar, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Talet på uføre i aldersgruppa 30-39 år er no høgare enn for dei mellom 60-61 år og 65-67 år, og på same nivå som dei mellom 62 og 64 år.
– Eg er bekymra. Psykiske lidingar er den vanlegaste uføreårsaken blant unge. Samstundes veit vi at det kan vere bra for mange med psykiske lidingar å vere i aktivitet. Vi veit av erfaring og frå forsking av mange i denne gruppa ønskjer å jobbe. Vi i Nav ønskjer å hjelpe til så godt vi kan. Vi har eit godt samarbeid med både arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar og helse som kan bidra til at dei som ønskjer det, kan kome i aktivitet, seier Hysing-Olsen.
Store variasjonar mellom kommunane
Med 9 prosent uføre ligg Vestland under landssnittet på 10,5 prosent. Samstundes har fleire kommunar i fylket høge uføretal. Vaksdal og Høyanger ligg over 13 prosent, medan Sogndal har lågast andel uføre med 6,5 prosent.
Under relatert innhald til høgre finn du fleire tal om uføre i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96