Publisert 28. november 2024
Sjukefråværet i Vestland held fram å auke og enda på 5,2 prosent i tredje kvartal.
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland auka frå 4,8 prosent i tredje kvartal 2023 til 5,2 prosent i år, og ligg på om lag same nivå som gjennomsnittet for landet.
Totalt utgjer fråværet i fylket over 962 000 tapte dagsverk. Dei viktigaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettplager (34,1 prosent) og psykiske lidingar (24,8 prosent).
– Du kan gjere noko
– «Nokon» må gjere noko med sjukefråværet, og om du er leiar er sjansen stor for at det er deg, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
I ei undersøking frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) svarar ein av tre at tilhøve på jobben er årsaka til sjukefråværet.
– Det ikkje finst ikkje enkle løysingar på eit så samansett problem som sjukefråvær. Men både erfaring og forsking tilseier at helse på arbeidsplassen heng saman med korleis ein planlegg, organiserer og gjennomfører arbeidet – og ikkje minst korleis leiarar følgjer opp folka sine, seier Hysing-Olsen.
Viktig debatt
Det er framleis i dei yngste aldersgruppene det er størst auke i sjukefråværet. Det gjeld spesielt kvinner i 30-åra.
– Debatten om årsaker og moglege løysingar er viktig, men uansett har vi som arbeidsgivarar eit stort ansvar for å gjere noko. Det vil gagne både medarbeidarane, samfunnet og botnlinja, seier Hysing-Olsen.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96
Fakta
Fakta om sjukefråværet i Vestland i tredje kvartal 2024
- Høgast fråvær i Modalen (6,7 prosent) og Tysnes (6,3 prosent)
- Lågast fråvær i Fjaler (3,5 prosent) og Aurland (3,7 prosent)
- Dei viktigaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettplager (34,1 prosent) og psykiske lidingar (24,8 prosent)
- Helse- og sosialtenester har høgast sjukefråvær med 7,4 prosent
Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finn du hos Statistisk sentralbyrå.