Publisert 5. september 2024
Sjukefråværet i Vestland held fram å auke og enda på 6 prosent i andre kvartal. Psykiske lidingar er den vanlegaste diagnosen for yngre arbeidstakarar.
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland auka frå 5,6 prosent i andre kvartal 2023 til 6 prosent i år, og ligg på same nivå som gjennomsnittet for landet. Totalt utgjer fråværet i fylket 996 000 tapte dagsverk.
– Vi er djupt uroa over utviklinga i psykiske lidingar hos unge. Eit lyspunkt kan likevel vere at ein stor del er lettare psykiske plager, og her veit vi at arbeid har god effekt på helsa for mange. Vi samarbeider med helsetenesta og arbeidsgivarar for at flest mogleg skal finne sin plass i arbeidslivet, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Stor risiko for å bli ufør etter langvarig sjukemelding
Psykiske lidingar er også den største diagnosegruppa hos kvinner samla sett. Hos menn er muskel- og skjelettplager den største gruppa. Totalt viser tala frå Nav at kvart tredje tapte dagsverk skuldast sjukdom i musklar og skjelett.
– Det er viktig og verdifullt å halde kontakten med arbeidsplassen under ei sjukemelding. Jo lenger ein person er sjukemeld, jo større er risikoen for å ikkje kome tilbake i arbeid. Etter eitt år ser vi at rundt halvparten ikkje kjem tilbake og i staden endar med uføretrygd, seier Hysing-Olsen.
Kommunane mistar mange dagsverk
I helse- og sosialsektoren har sjukefråværet auka med 7 prosent sidan same periode i fjor, og ligg no på 8,9 prosent.
– Dette er ein ganske dramatisk auke med tanke på kor stor denne sektoren er. Berre auken frå i fjor utgjer over 37 000 tapte dagsverk, seier Hysing-Olsen.
Også i undervisningssektoren og overnatting og servering har sjukefråværet auka merkbart sidan same periode i 2023.
Fakta om sjukefråværet i Vestland i andre kvartal 2024
- Høgast fråvær i Askøy (7,3 prosent) og Øygarden (7,2 prosent)
- Lågast fråvær i Hyllestad (3,9 prosent) og Aurland (4,1 prosent)
- Dei viktigaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettplager (33,7 prosent) og psykiske lidingar (26,8 prosent)
- Helsesektoren har høgast sjukefråvær med 8,9 prosent
Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finn du hos Statistisk sentralbyrå.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09