Publisert 28. mars 2025
Så langt i år er det lyst ut over 3 500 feriejobbar i Vestland, nesten 1000 fleire enn i same periode i fjor. Arbeidsløysa i fylket ligg stabilt på under 2 prosent.
6 318 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland i mars. Det utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken i fylket og er på same nivå som i mars 2024. Vestland ligg under landsgjennomsnittet på 2,1 prosent heilt ledige.
Mange utlyste sommarjobbar
– Det er svært gledeleg at mange arbeidsgivarar ønsker å ta inn sommarvikarar i år. Eg håpar endå fleire vil bli med, og oppmodar særleg til å registrere om dei har jobb til søkarar under 18 år, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
I dei tre første månadene er det lyst ut til saman 3 562 feriejobbar, mot 2 590 på same tid i fjor. Nav samarbeider med Vestland fylkeskommune og NHO om kampanjen «Sommarjobb i vest». Målet er å gi flest mogleg unge ein forsmak på arbeidslivet og aktuelle yrke å utdanne seg til.
Ein av fire ukrainske flyktningar jobbar
Tre år etter at dei første flyktningane frå Ukraina kom til Vestland, er 26 prosent av dei i alderen 20-66 år i arbeid. Kurven har flata ut etter ein jamn auke gjennom 2024.
– Når vi veit at 64 prosent av bedriftene i Vestland slit med å finne tilsette med rett kompetanse, motiverer det til å legge til rette for at fleire flyktningar kjem i arbeid. Vi skal bidra med våre verkemiddel for å få dette til i samarbeid med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar, seier Hysing-Olsen.
Helsesektoren på topp i ledige stillingar
Høgast ledigheit i fylket har Modalen kommune med 4,6 prosent og Hyllestad med 4,5 prosent. Lågast ledigheit har Solund med 0,5 prosent og Fitjar, Stord og Masfjorden som alle har 0,7 prosent heilt ledige.
I alt blei det lyst ut 5 437 ledige stillingar i Vestland i mars, om lag halvparten av dei i Bergen. Det er særleg helse-, pleie- og omsorgssektoren som manglar folk, med over 1 300 ledige stillingar.
Finn fleire tal frå arbeidsmarknaden i Vestland under «Relatert innhold».
Arbeidsmarknaden i Vestland, mars
| Mars 2025 | Mars 2024 |
Heilt ledige, Vestland | 6 318 personar 1,8 % av arbeidsstyrken | 6 411 personar 1,9 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 379 personar 2,1 % av arbeidsstyrken | 3 417 personar 2,1 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 771 | 2 518 |
Ledige under 30 år | 1 618 | 1 543 |
Permitterte, heilt eller delvis | 777 | 1 416 |
Ledige stillingar | 5 437 | 3 961 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09