Publisert 31. mai 2024 | Oppdatert 31. mai 2024
I mai var 5 682 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken.
Det er 491 fleire heilt ledige enn på same tid i fjor. Over 450 av dei heilt ledige er frå Ukraina. For første gang passerer ukrainarar dei frå Polen som den største innvandrargruppa blant heilt ledige i Vestland.
– Det er framleis utroleg låg arbeidsløyse i Vestland. Hadde det ikkje vore for flyktningar frå Ukraina hadde talet vore enda lågare. Dei fleste av flyktningane frå Ukraina er dessutan ikkje registrerte som heilt ledige, fordi dei deltek i ulike tiltak, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Mange flyktningar i tiltak
Begrepet tiltak blir brukt om dei ulike aktivitetane som arbeidssøkjarar deltek i via Nav for å kome i arbeid. I år har talet på flyktningar som deltek i ulike tiltak auka markant. Det er flest som deltek i arbeidstrening, men også mange som mottar lønstilskot medan dei er i jobb.
– Det er eigentleg veldig bra. Det betyr at dei får den hjelpen dei forhåpentleg treng for å kome, og bli værande, i jobb. Språk er den viktigaste inngangsbilletten til jobb, og då er språkopplæring, gjerne i bedrift med støtte frå Nav, eit svært viktig tiltak, seier Hysing-Olsen.
Han legg til at arbeidsmarknaden skrik etter arbeidskraft, og at det difor er svært viktig at dei som står utanfor arbeidsmarkanden får opplæring og støtte, som kan føre til at dei kan bidra der det er behov.
– Vestland treng sårt den arbeidskrafta dei representerer. Vi er berre nøydt til å få fleire i arbeid, seier Hysing-Olsen.
Flest ledige jobbar innan helse
I mai er det over 4 200 utlyste stillingar. Over halvparten av desse er i Bergen. Helse- og omsorgssektoren toppar lista over ledige jobbar, med over 1 000 utlyste stillingar i mai. Deretter følgjer serviceyrke (390), butikk- og salsarbeid (377) og undervisning (359).
Berre fire av dei 43 kommunane i Vestland har 2 prosent arbeidsledige eller meir. Det er Bergen, Stad (begge med 2,0 %), Kinn og Vaksdal (begge med 2,1 %).
Arbeidsløysa i landet samla er på 1,9 prosent.
Arbeidsmarknaden i Vestland, mai
| Mai 2024 | Mai 2023 |
Heilt ledige, Vestland | 5 682 1,7 % av arbeidsstyrken | 5 191 1,5 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 3 254 2,0 % av arbeidsstyrken | 2 867 1,8 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 637 | 2 331 |
Ledige under 30 år | 1 378 | 1 429 |
Permitterte, heilt eller delvis | 700 | 785 |
Ledige stillingar | 4 231 | 5 339 |
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, 90 50 70 96