Rekruttering
Treng bedrifta di nye medarbeidarar? Vi hjelper deg å finne den rette kompetansen.
Her er marknadskontaktar for regionane i Vestland fylke.
Nav region Bergen har eige marknadsteam og Nav-tilbod til statlege verksemder. Tove Bryn er kontaktperson for sistnemnde.
Vi er kjende med dei lokale forholda og kan gi individuelt tilpassa tenester, alle kostnadsfrie. Vi kan:
- hjelpe deg med å rekruttere kandidatar lokalt, regionalt og nasjonalt til ulike bransjar
- avklare aktuelle kandidatar
- inngå samarbeidsavtale med verksemda/bedrifta di
- hjelpe deg med å rekruttere arbeidskraft frå Europa, når det ikkje finst kvalifisert arbeidskraft i Noreg
Vi arrangerer jobbmesser og kan leggje særskilt til rette for bedrifta di dersom du har større rekrutteringsbehov.
Dette kan du gjere sjølv
På nav.no kan du lyse ut stillinger og søke etter kandidater.
Tilskot, arbeidstrening og tilrettelegging
Nav har tilskot, arbeidstrening og tilrettelegging som kan vere aktuelt dersom du har tilsette som står i fare for å falle ut av arbeidslivet, eller dersom du ønskjer å gi nye arbeidssøkjarar ein sjanse til å kome i jobb. Her kan Nav bidra med for eksempel lønnskompensasjon og hjelp til å leggje arbeidsplassen til rette. For meir informasjon sjå vegvisar for inkludering.