Senter for jobbmestring
Dette er et tilbod til deg med angst og/eller depresjon, og som vil ha hjelp til å handtere det i ein jobbsamanheng.
Kven kan få tilbodet?
Du som
- har lett til moderat angst og/eller depresjon som hinder for arbeid
- er utan arbeidsforhold eller har eit arbeidsforhold du ikkje kan eller ønskjer å gå attende til
- Har eit arbeidsforhold du er sjukmeldt frå, eller i står i fare for å bli sjukmeldt frå
- ønskjer bistand til raskt å kome i arbeid
Kva består tilbodet av?
Målet er å hjelpe deg å meistre dei psykiske plagene, kome raskt i arbeid og klare å mesitre jobben over tid. Senter for jobbmestring tilbyr arbeidsretta kognitiv terapi kombinert med individuell jobbstøtte. Den kognitive terapeuten vil hjelpe deg til å handtere og meistre dei psykiske helseplagene i jobbsamanheng, medan jobbspesialisten kan hjelpe med jobbsøk, karriererettleiing og/eller oppfølging på arbeidsplassen.
Tilbodet ved Senter for Jobbmestring er basert på kognitiv terapi. Metoden tar utgangspunkt i korleis tankane våre verkar inn på korleis vi føler oss og korleis vi handlar i jobbsamanheng. Du lærer å utforske, og etterkvart, utfordre negative tankemønstre som kan være knytt til angst og depresjon. Det er lagt opp til eit teitt samarbeid mellom deg, terapeut og jobbspesialist.
Arbeidsretta kognitiv terapi blir gitt av psykologar og anna personell med helse-/sosialfagleg utdanning, som har vidareutdanning i kognitiv terapi. Den individuelle jobbstøtta blir gitt av personell med god kjennskap til karriererettleiing og lokal arbeidsmarknad. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis.
Senter for jobbmestring er en teneste frå Nav Arbeidslivssenter Vestland.
Det er Nav og fastlegane som kan tilvise til Senter for jobbmestring. Andre tilvisingar vil bli sendt i retur.
Kontaktinformasjon Senter for jobbmestring Bergen
Marianne Misje, teamleiar, Marianne.misje@nav.no
For skjema og kriterier, sjå under relatert informasjon.
Vær vennleg å ikkje skriv sensitive personopplysingar på e-post.