Florapiloten – skreddarsydd fagopplæring
Kan du tenke deg å jobbe i ei teknologi- og industribedrift? Gjennom Florapiloten kan du få ein opplæringsplan som er skreddarsydd til deg, på vegen fram til fagbrev og jobb.
Florapiloten er eit tilbod til kandidatar som ønsker å ta fagbrev med om arbeid i industri- og teknologibedrifter. Vi koplar jobbsøkarane mot bedrifter i Nordfjord og Sunnfjord som treng fagfolk.
Industriteknologi er eit VG2-kurs som dannar grunnlag for over 40 ulike fagbrev i industri- og teknologibedrifter. Desse fagbreva passer for deg som er nysgjerrig, praktisk anlagt og interessert i ny teknologi. Eksempel på fag er industrimekaniker, platefag, sveisefag, CNC-operatørfag, industrirør, produksjonsteknikkfaget. Les meir om yrka på velgteknologi.no.
Kven kan få tilbodet?
- Over 19 år
- Registrert som jobbsøkar hos Nav
- Ønsker fagbrev og arbeid innan industri- og teknologifag
- Ønsker å jobbe i Nordfjord eller Sunnfjord
Slik melder du deg på
- Logg deg inn på nav.no, start ein ny dialog og gi beskjed til rettleiaren din om at du er interessert i Florapiloten.
- Delta på informasjonsmøte på Møteplass på Flora vidaregåande skule den 12. mars klokka 13.30-15.30. Du kan melde deg på informasjonsmøtet her. Om du ikkje har fått meldt deg på, er du også velkomen.
Slik er løpet fram mot fagbrev
- Du startar gjerne med arbeidstrening i ei bedrift for å teste om industriteknologi er riktig for deg. Nav har avtale med bedrifter som tek imot lærlingar.
- Når du har bestemt deg, søker du om skuleplass hos vaksenopplæringa. Her finn du informasjon om søknad og inntak.
- Rettleiingstenesta i fylkeskommunen kartlegg kva du har av utdanning og praksis. Dei skreddarsyr ein plan som viser kva fag du treng for å få fagbrevet og korleis du får tatt dei.
- Du får eit individuelt opplæringsløp som tek omsyn til situasjonen din. Dette er som regel ein kombinasjon av skule og praksis i bedrift. Flora vidaregåande skule tilbyr komprimert opplæring i programfaga for VG1 Teknologi- og industrifag og VG2 Industriteknologi i skuleåret 2024/2025.
- Bedrifta peikar ut ein fagleg ansvarleg som følger deg opp i læretida. Du får også tett oppfølging frå Nav-rettleiaren din, skulen og opplæringskontoret.
- Etter læretida kan du gå opp til fagprøva og ta fagbrevet.
Økonomi
- Viss du allereie får ei yting frå Nav, kan du behalde den. Viss ikkje har du rett til å søkje om tiltakspengar. Det er viktig at du og Nav-rettleiaren din saman går gjennom økonomien din og legg ein plan for heile opplæringsløpet.
- Når du teiknar lærekontrakt med ei bedrift, vil du få lærlingløn.
- Du kan søke støtte frå Lånekassen medan du går på skule og i læretida.
- Du kan også ha rett på ulike tilleggsstønader, til dømes for å dekke dagleg reise til skulen eller praksisplassen.
Florapiloten er eit samarbeid mellom Nav, Vestland fylkeskommune, Pro Vestland Opplæringskontor, Opplæringskontoret for Transport og logistikk og lokale arbeidsgjevarar i Nordfjord og Sunnfjord.
Vil du vite meir?
Kontakt oss gjerne på e-post nav.kinn@nav.no