Er du ungdom (15 til 25 år), bur i Nordhordland og vil ha hjelp til å finne ein jobb eller finne ut kva du vil bli? Står du fast eller vil at noko skal skje no? Ta kontakt med oss på telefon eller sms, så legg vi ein plan på korleis du skal nå måla dine.
Vi følger deg så mykje som du treng, så lenge som du vil. Du bestemmer.
Vi avtaler raskt ein uforpliktande samtale for å forklare litt om korleis vi jobbar og kva vi kan hjelpe deg med. Tilbodet er frivillig, og du treng inga tilvising.
Ring oss direkte på 94 13 62 06 eller send oss ein sms på 59 44 96 19. Vi svarar i kontortida 9-15. NB! Ikkje send personopplysingar eller andre sensitive opplysningar på sms.
Saman finn vi ein veg som passar deg til arbeid, utdanning eller aktivitet.
Vi utforskar og identifiserer dine interesser, ressursar og kompetanse, og har ein god oversikt over den lokale arbeidsmarknaden, har gode kontaktar i næringslivet og oversikt over ulike utdanningstilbod. Ønskjer du ei grundigare karriererettleiing vil vi sørge for kontakt med samarbeidspartar.
Saman legg vi ein konkret plan på korleis du skal nå måla, og kan støtte deg på vegen - om du vil. Om planen din inneber at vi skal fylgje deg tett opp, treng vi samtykke frå dine foresette om du er under 18 år.
Vi hjelper deg å finne svar på eventuelle økonomiske spørsmål.
Kven kan ta kontakt?
Ungdom frå 10.-klasse til 25 år som bur i Alver, Osterøy, Austrheim, Modalen, Fedje, Gulen, Masfjorden eller Solund kommune.
Føresette til ungdom i målgruppa som ønskjer råd/informasjon. Dersom ein ønskjer å vere med på ein samtale i lag med ungdommen, er det også mogleg.
Samarbeidspartar som ønskjer å drøfte moglegheiter eller som ønskjer å invitere oss til eit informasjonsmøte med ein ungdom, kan og ta kontakt.
Er du ein samarbeidspart?
Kompetansesenteret tilbyr også rådgjeving til våre samarbeidspartar i region Nordhordland, då særskilt grunnskule og næringslivet. Til dømes rådgivarar eller andre tilsette i skulen, ungdomsarbeidarar, helsearbeidarar eller andre som er i kontakt med ungdom.
Ønskjer du å drøfte moglegheiter? Ring oss gjerne eller vi kan sette opp eit digitalt møte. Om ungdommen vil, kan du invitere oss til eit informasjonsmøte.
Kven står bak jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid?
Jobbmot er eit pilotprosjekt frå Nav region Nordhordland og kommunane i Nordhordland. Tilbodet skal hjelpe ungdom å få rask og koordinert tilgang på hjelp for å kome i arbeid eller utdanning.