Navs bedriftsundersøkelse 2023: Redusert mangel på arbeidskraft
Nav-rapport nr.5-2023
Av Kristian Harald Myklathun
Navs bedriftsundersøking kartlegg etterspurnaden etter og mangel på arbeidskraft, både fylkesvis, innanfor den enkelte næring, og for enkeltyrker. Vi estimerer mangelen på arbeidskraft til 52 850 personar.
Mangelen på arbeidskraft er klart størst innan helse og sosialtenester, der vi estimerer mangelen til 14 600 personar. Mangelen har gått betydeleg ned frå det rekordhøge nivået vi observerte i fjor, men samla sett er mangelen på arbeidskraft framleis høg, og dei siste ti åra er det berre i 2022 og i 2019 at mangelen har blitt estimert til eit høgare nivå enn i 2023. Mangelen har gått spesielt mykje ned innan bygg og anleggsverksemd, der vi anslår at mangelen har gått ned med 45 prosent frå i fjor.
Enkeltyrka med størst mangel er helseyrkene sjukepleiar, helsefagarbeidar og samlegruppa andre helseyrker. I tillegg er det mangel på ulike fagarbeidarar, som kokkar, tømrarar og elektrikarar.
Også forventninga om sysselsettinga framover er svakare enn i fjor, og i år er nettoandelen verksemder som ventar vekst i sysselsettinga det komande året på 13 prosent, og er dermed på sitt lågaste nivå sidan 2016.
NAVs bedriftsundersøkelse 2023: Redusert mangel på arbeidskraft (pdf)