Levealdersjustering av alderspensjon og AFP i privat sektor
Levealdersjustering inneber at pensjonen din blir justert etter forventa levealder for årskullet ditt. Levealdersjustering gjeld dei som tar ut pensjon frå 2011 og seinare og som har alderspensjon og avtalefestet pensjon (AFP) i privat sektor.
Innhald på sida
Så lenge forventa levealder aukar, må kvart årskull jobbe lenger enn det førre for å oppnå same pensjon.
- Den opptente pensjonen din skal fordelast på den forventa levetida for årskullet ditt. Dette blir kalla levealdersjustering.
- Jo lenger du ventar med å ta ut pensjon, jo høgare utbetaling får du per månad.
I Din pensjon kan du rekne ut pensjonen din etter når du vil ta ut pensjon og sjå korleis levealdersjusteringa kan slå ut for deg.
Kvifor har vi reglar om levealdersjustering?
Når levealderen i befolkninga aukar, blir det fleire år å dele opptent pensjon på, og lågare utbetaling kvart år. Vi kan kompensere for det ved å jobbe lenger. Levealdersjusteringa skal sikre eit berekraftig pensjonssystem.
Auka levealder gjer at unge i dag kan rekne med minst like lang tid som pensjonist som dagens pensjonistar.
Sjå kor lenge må du vente med pensjon for å få det same som ved 67 år viss pensjonen ikkje hadde blitt levealdersjustert:
Berekningsmetoden for normert pensjonsalder er ikkje er endeleg fastsett, og det kan kome justeringar.
Prognosar for normert pensjonsalder
Årskull | År | Måneder |
---|---|---|
1963 | 67 | 0 |
1964 | 67 | 1 |
1965 | 67 | 2 |
1966 | 67 | 3 |
1967 | 67 | 3 |
1968 | 67 | 4 |
1969 | 67 | 5 |
1970 | 67 | 5 |
1971 | 67 | 7 |
1972 | 67 | 8 |
1973 | 67 | 9 |
1974 | 67 | 10 |
1975 | 67 | 11 |
Prognosen er basert på SSBs befolkningsframskriving 5. juni 2024.
Skjermingstillegg for uføre
Uføre har ikkje same moglegheita til å jobbe lenger sjølv om levealderen i befolkninga aukar. Derfor har uføre fødd 1944-1953 fått eit skjermingstillegg. Regjeringa har foreslått å utvide ordninga til dei som er fødd 1954-1962.
Tidlegare uføretrygda vart delvis skjerma mot levealdersjusteringa ved overgang til alderspensjon frå 67 år.
Sidan levealderen i befolkninga auka, gjorde levealdersjusteringa at alderspensjonen ved uttak frå 67 år vart lågare enn for eldre årskull. Arbeidsføre kunne kompensere for verknaden av levealdersjustering ved å jobbe lenger og utsette uttaket av alderspensjon. Uføre personar hadde ikkje denne moglegheita. Derfor har dei fått eit skjermingstillegg som har gitt ei delvis skjerming.
Skjermingstillegget skal skjerme for om lag halvparten av levealdersjusteringa. Uføre får ein samla alderspensjon som svarar til det ein arbeidsfør person med same opptening kunne få ved å jobbe lenger og kompensere for halvparten av levealdersjusteringa.
Levealdersjusteringa skjer gjennom forholdstal og delingstal. Kvart årskull får fastsett månadlege tal. Alderen ved uttak eller endring av alderspensjonen avgjer kva forholdstal eller delingstal som gjeld for deg.
Jo tidlegare du tar ut pensjon, jo fleire år kan du rekne med å vere pensjonist. Delingstala og forholdstala skal vere nøytrale. Det betyr at den samla pensjonen du kan rekne med å få utbetalt gjennom livet, skal vere det same uansett når du tar ut pensjon. Den årlege pensjonen vil derfor auke jo lenger du venter med å ta ut pensjon.
Forholdstal og delingstal blir fastsette fram til fylte 75 år. Levealdersjusteringa vil dermed ikkje gi auke i månadlege pensjonsutbetalingar om du ventar med å ta ut pensjon til etter du fyller 75 år.
Alderspensjonen blir delt på forholdstalet for årskullet ditt. Forholdstalet er 1 for 1943-årskullet når uttaket skjer ved 67 år. For andre årskull og uttaksaldrar seier forholdstalet kor mykje forventa gjenståande levetid skil seg frå forventa gjenståande levetid for 1943-årskullet ved 67 år. Eit forholdstal lågare enn 1 inneber at den årlege pensjonen blir høgare enn han ville blitt utan dei fleksible uttaksreglane, medan eit forholdstal høgare enn 1 vil gi lågare pensjon.
Om du er fødd i 1954-1962, tener du opp alderspensjon etter ein kombinasjon av gamle og nye reglar. Levealdersjusteringa skjer derfor etter ein kombinasjon av forholdstal og delingstal.
Levealdersjusteringa skjer gjennom delingstal. Oppteninga skjer ved årleg opptening til ei pensjonsbehaldning. Som hovudregel blir årleg pensjon rekna ut ved å dele pensjonsbehaldninga på uttakstidspunktet med delingstalet. Delingstalet uttrykkjer i hovudsak kor mange leveår ein forventar at eit årskull har på eit bestemt uttakstidspunkt.
AFP i privat sektor
AFP i privat sektor er utforma som eit tillegg til alderspensjonen. AFP i privat sektor blir også justert etter forventa levealder for årskullet ditt på uttakstidspunktet.
Justeringa av den livsvarige delen av AFP-ytinga skjer med dei same forholdstala som ved levealdersjusteringa av alderspensjonen.
Om du tar ut AFP etter fylte 70 år, er det forholdstalet ved 70 år som blir brukt. Det gjer at levealdersjusteringa ikkje gir auke i månadleg utbetaling av AFP om du ventar med å ta ut pensjon til etter fylte 70 år.
Årskulla 1944-1962 får også eit kompensasjonstillegg til AFP. Dette tillegget skal kompensere for at desse årskulla har avgrensa høve til å motvirke levealdersjusteringa. Kompensasjonstillegget blir fastsett med utgangspunkt i eit referansebeløp, og blir delt på eit eige forholdstal for kompensasjonstillegget. Dette forholdstalet er normert til 1 ved uttaksalder 62 år, og uttrykkjer i hovudsak kor mye forventa attståande levealder på uttakstidspunktet avvik frå forventa attståande levealder ved 62 år. Årleg kompensasjonstillegg blir dermed høgare jo lenger du ventar med å ta ut pensjon.
Når du tar ut AFP før fylte 67 år, får du eit årleg kronetillegg på 19 200 kroner som fell bort ved fylte 67 år. Til gjengjeld vil den livsvarige delen av AFP bli redusert med eit justeringsbeløp.
Justeringsbeløpet er berekna slik at forventa samla reduksjon i den livsvarige delen av AFP-ytinga over livsløpet svarar til forventa utbetaling av kronetillegg. Justeringsbeløpa uttrykkjer årleg reduksjon i livsvarig AFP i kroner, og er fastsett for uttaksaldrar mellom 62 og 67 år.
Kronetillegget gir altså inga ekstra utbetaling av AFP. Ordninga gjer at du får ein del av utbetalinga av AFP tidlegare enn du elles ville ha fått.
Livsvarig AFP i i offentleg sektor
Tenestepensjon og livsvarig AFP for arbeidstakarar i offentleg sektor fødd i 1963 eller seinare skal også levealdersjusterast. Det er tenestepensjonsordningane som administrerer desse ytingane. Ta kontakt med tenestepensjonsordninga di for meir informasjon om kva ytingar dette gjeld.
Forholdstal, delingstal og forholdstal for kompensasjonstillegg og justeringsbeløp blir endeleg bestemt innan 1. juli det året eit årskull fyller 61 år, og blir ikkje endra seinare.
Nav utarbeider også prognosar for framtidige forholdstal og delingstal, baserte på mellomalternativet i befolkninga i SSBs framskrivingar. Dei skal gi ein indikasjon om kva pensjonen kan bli for årskulla der endelege tal enno ikkje er fastsette.
Oppdatert 17.10.2024